Klok på bok

Store-Tor

Publisert

I dag er eg i eit gåvmildt humør, og det kjem deg, vyrde lesar, til gode. På menyen står ein god gammaldags anekdote, og no skal du ikkje komme her og seie at du alt veit kva Halldis Moren Vesaas hadde med som gåve til Einar Skjæraasen sin 50-årsdag i juli 1950. Eg trur ikkje på deg.

På veg frå Vinje til Skjæraasen sitt selskap i Trysil hadde Halldis ein stopp i Oslo, og på Bondeheimen trefte ho på Jan-Magnus Bruheim og Tor Jonsson. Ifylgje ho hadde trioen det ustyrteleg moro i eitt strekk til neste kveld, men ho kunne jo ikkje komme til Trysil utan ei gåve til fødselsdagsbarnet. Inne på Glasmagasinet var det Jonsson som tok ansvar, han valde ut ei fin klunkeflaske, og det vart Bruheim som fekk oppdraget med å kjøpe noko på Vinmonopolet som kunne fylle flaska. For å gjere gåva gjævare ofra Tor Jonsson ein sigar som dei batt fast i flaskehalsen – saman med ei øskje Globoid som Bruheim hadde på lur.

Då Einar Skjæraasen fekk presangen, vart han både glad og imponert, men ifylgje Halldis Moren Vesaas vart gåva gjennomskoda. Skjæraasen skal ha sagt: «Dette har du neimen itte funni på aleine!» Og Halldis måtte tilstå at ho hadde hatt god hjelp.

Geirr Wiggen skriv: «Diktet i Klok på bok 1679 er det lomværen Tor Jonsson som har skrive. Det står som det nest fremste diktet i andre helvta (’Lause dikt’) av den siste diktsamlinga hans, Ei dagbok for mitt hjarte, som kom ut posthumt i 1951. Tor Jonssons liv var fylt av livslang einsemd etter ein vond barndom i Lom som gjekk ut over eiga sjølvkjensle og enda med at han tok livet av seg i januar 1951, enda han rett før hadde vunne førsteprisen i Kirkedepartementets konkurranse om amatørskodespel (for einaktaren Siste stikk). For alle dikta sine, inkludert fleire tidlegare uutgjevne, som kom ut i 1956 under redaksjon av Jan-Magnus Bruheim og Tore Ørjasæter, vart Jonsson tildelt Litteraturkritikarprisen.»

Egil Nestande skriv: «Med ein gong eg las dette diktet, gjekk tankane til Tor Jonsson. Både ordval, skrivemåte, tematikk og ’dåm’ i diktet peikte mot han. Men så var det året 1951? Tor Jonsson døydde tidleg dette året, 14. januar (eg hugsar det vart sorg både i heimen og bygda da vi fekk vite at han var død). Kunne han ha fått utgitt ei diktbok så tidleg på året før sin død? Litt googling viste fort at boka Ei dagbok for mitt hjarte var utgitt av Noregs Boklag i 1951 etter Jonssons død. Så var det namnet på ein konge? Eitt dikt har tittelen ’Pyrrhos’. Pyrrhos var krigarkongen frå Ipiros, som (lik mange andre) skaffa seg eit namn i historia ved krigsferd og destruktivt levesett. Mest kjent er likevel uttrykket ’Pyrrhos-siger’, som skriv seg frå slaget mot romarane ved Ausculum i 279 fvt. Historikarane er usamde om kven som vann slaget. Pyrrhos meinte han vann, men med svært store tap, minst 3500 mann. Etter slaget skal han visstnok ha sagt til sine krigarar: ’Med ein slik siger til, er det ute med oss.’ Utsegna Pyrrhos-siger har gått inn i historia som uttrykk for at ein kan vinne eit slag eller ei sak, men det kostar så mykje at det like gjerne kan reknast som eit tap.»

Ragnhild Eggen skriv: «Dette er en av mine absolutte favoritter!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement