Klok på bok
Stor lita bok
Straks er det syttande mai. Her i bokstova skal me ikkje blande oss i bunadsdebatten eller legge føringar på feiringa. Det er eit minefelt som ingen forlèt før dei har fått merke av det. Heller ikkje næringa på nasjonaldagen vil me ha ei meining om. Folk må få ete og drikke til det er tomt, seier boklækjaren diplomatisk, før det likevel kjem nokre åtvarande ord: Hugs at opp gjennom tidene er det mange som har brent seg på varme pølser.
Etter ein slik kryptisk leksjon frå Medikus, sklir me elegant over til ei kjensgjerning. Nemleg: Sjølv om ein er liten, kan ein godt vere stor. Kvifor nemner me dette no? Av di løysingsverket. Gunder Runde skriv: «Sitatet i denne vekas ‘Klok på bok’ gjer at eg straks tenkjer at dette må vere skrive av ein eksilforfattar. Eg slår opp på Litteraturåret 2003 og 2021 og leitar, men finn ikkje noko namn som passar. Så prøver eg meg med søkjeordet ‘eksilforfattar’, blar opp side etter side, men utan resultat. NESTEN gitt opp, men så finn eg på at eg kan leite på noko så enkelt som ‘oversatte romaner’ for 2021. Og det første namnet som dukkar opp på lista ‘ti på topp’, er sjølvsagt Ágota Kristóf. Det burde eg ha tenkt før! Eg hugsar godt at eg har lese om hennar problem med å tilpasse seg fransk språk. Boka, som kom på norsk i 2021, er Analfabeten. Dette er nærmast ei sjølvbiografisk skildring av hennar første tid i den fransktalande delen av Sveits (Neuchatel). Eg har med stor glede lese dei tre bøkene i tvillingtrilogien, om brørne Lucas og Claus. Særleg den første boka i trilogien gjorde sterkt inntrykk! Ágota Kristóf (1935–2011) var fødd i Ungarn. I samband med opprøret i 1956 rømde ho vestover, og kom til sist til Neuchatel, der ho fekk arbeid i ein urfabrikk. Ho lærte seg fransk munnleg, men greidde ikkje å tyde den skriftlege varianten av dette framande språket. Først mange år seinare melde ho seg på eit franskkurs og lærte seg det ho kalla ‘fiendespråket’, på ein så overtydande måte at ho fekk status som ein nyskapar av fransk skriftspråk med desse tre bøkene. Seinare vart Analfabeten og I går omsette til norsk. Den siste er eg no i gang med å lese. Den austerrikske forfattaren som ho var så begeistra for, er sjølvsagt Thomas Bernhard, som vart fødd i Nederland før han flytta til Austerrike. Han har vore svært kritisk til austerriksk politikk og kulturliv, og har av den grunn ikkje vore særleg populær i det nye heimlandet. Eg tilrår å starte med Mine priser, ei umåteleg morosam bok med harselas over litterære prisar. Eg er heilt på grensa av å vere like begeistra for Thomas Bernhard som Ágota Kristóf tydelegvis var!»
Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Analfabeten er ei knøttlita bok med mykje innhald. Ágota Kristóf skriv her ein sjølvbiografi fortald gjennom 11 små forteljingar.»
Cathrine Bore skriv: «En ypperlig samling av små historier.»
Skeisebibliotekaren i LASK skriv: «En liten perle av en bok.»
Boka me skulle fram til i dag, var omsett av Henninge Margrethe Solberg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.