Det er allment kjent at me er over snittet begeistra for røvarhistorier her i bokstova. For at denne kjensgjerninga ikkje skal falme, vil me no fortelje ei soge om løysingsforfattaren denne veka, nemleg Sigurd Mikal Evensmo.
Det blir sagt at Evensmo kunne verke skremmande på avstand. Med sine radikale meiningar var han for nokre ein frykta figur, ikkje minst blant folk som politisk høyrde til på høgresida. Ein kveld på Theatercaféen skal ein finare herre forsiktig ha peika mot bordet der Sigurd sat, og nervøst kviskra til kelneren: «Er det sant at han der planlegg revolusjon?» Kelneren, som kjende Evensmo som ein av dei mest høflege og lågmælte gjestane, svarte: «Det kan godt vere, men han gjer det i så fall med kniv og gaffel og ber pent om rekninga etterpå.»
Gunder Runde skriv: «I norsk boksoge har me ei mengd (til dels særs gode) trilogiar. Nokre av trilogiforfattarane er fødde før Nobelprisen i litteratur vart innført (Trygve Gulbranssen, Sigrid Undset, Cora Sandel) – og nokså mange kom etter 1949 (Kåre Holt, Åsta Holth, Johan Borgen, Jens Bjørneboe, Alfred Hauge). Men i perioden like etter krigen finst det ikkje så mange – den første (og einaste?) eg kom på, var dagens Klok på bok-forfattar, nemleg Sigurd Evensmo (1912–1978). Hans eineståande verk frå mellomkrigstida, den såkalla ’Karl Martin-trilogien’, omfattar bøkene Grenseland (1947), Flaggermusene (1949) og Hjemover (1951). Då hadde han alt tidlegare debutert som skjønnlitterær forfattar med Englandsfarere (1945) – Evensmo sat i to år i arrest under krigen, og debutboka ber preg av det han opplevde desse åra. ’Karl-Martin-trilogien’ er ei levande skildring av mellomkrigstida, sett gjennom ein ung og radikal hovudperson, journalisten Karl Martin. I sitatet frå Klok på bok møter me den fargerike redaktøren i avisa der Karl Martin arbeider, han har tilnamnet ’Losen’, og utdraget handlar om dei siste dagane i livet hans, då han mellom anna forfattar ei personleg avskilshelsing til lesarane sine. Innhaldet i brevet kan med stort utbytte lesast også i dagens utanrikspolitiske situasjon.
Sigurd Evensmo var ein svært allsidig person. Han var i mange år levande opptatt av film. I tillegg til at han sjølv skreiv ei rekkje filmmanuskript, var han ein innsiktsfull (og velskrivande) filmkritikar i dagspressa og i NRK. Han gav ut ei rekkje sakprosabøker i tillegg til dei skjønnlitterære arbeida sine, ikkje minst er dei to memoarbøkene Inn i din tid (1976) og Ut i kulda (1978) blant dei viktigaste dokumenta frå 1970-åra og Evensmos eige liv. Ein viktig forfattar, som truleg no er så å seie gløymd. Det burde han ikkje ha vore!»
Bjarne Strøm skriv: «Dette måtte være en norsk forfatter som skrev om den nære fortid i 1949, mellomkrigstid og krigstid. Tenkte først på Sigurd Hoel, men han var født i 1890, før den første nobelprisen i litteratur ble utdelt i 1901. Så var jeg innom Aksel Sandemose, men han var født i 1899. Til slutt fant jeg fram til Sigurd Evensmo, født 1912, samme året som nobelprisen gikk til tyskeren Gerhart Hauptmann. Boka er Flaggermusene. Et av kapitlene i boka har tittelen ’Den stille sommeren’, et annet har tittelen ’Sommerlyset og de mørke øyene’, mens kapitlet som sitatet er hentet fra, har tittelen ’Forhastet vår’. Årstidene som omtales i titlene, er dermed vår og sommer.»
Jan Erik Røed skriv: «Endelig dukket Sigurd Evensmo opp. En riktig bra bok!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.