Klok på bok
Salige Salinger
Enno er sumarnatta for ljos til at det er tillate å sova ho bort. Stadig er det i sumarnatta me skal vandra i saman ute, gjerne under nokre lauvtunge tre eller i graset der blomar står. Gløym heller ikkje å nyte høysåteangen og grashoppespelet i eng, når du vandrar under bleikblå himmel til det vert morgongry.
Når ein har vore oppe heile natta, vert det freistande å ta ein kvil midt på dagen. Det finst det jo ikkje noko forbod mot om sommaren. Dessutan er det tillate å lese langsamt i ei god bok, og om du tek deg ein liten lur midt i lesinga, skal eg ikkje seie det til nokon. Framleis god sommar!
Så til Laurits Killingbergtrø, som skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Du gjev oss fleire haldepunkt som eg førte over til kjæledeggen min, Oria.no, nemleg sjanger, utgjevingsår originalt og utgjevingsår på norsk. Da kunne eg hengje på Oria denne kombinasjonen: «noveller + 1953 + 1979». Av dei tilslaga eg da fekk, jamførte eg forfattaren med nobelprisvinnarar som skreiv på tysk. Da vart det berre eitt tilslag igjen: J.D. Salinger: Ni noveller. Salinger vart fødd 1919, det året sveitsaren Carl Spitteler vann nobelprisen med ei bok skriven på tysk. Da var det berre å skaffe seg boka Ni noveller, og det klarte eg sitjande, for boka kan lesast på nettet. Og eg las, og eg las, og eg vart så fengd at eg mest gløymde av hunden. Eg saumfor spesielt novella der tekstklippet står, og ho har overskrifta ‘Til Esmé – kjærlighetsfylt og tarvelig’. Der er det nemnt ein hund som står i fare for å bli tråkka på, men som unngår det etter eit tilrop. Hunden blir kalla Alvin. Eg satsar på at det er det rette svaret. Om det ikkje er det, har eg iallfall lese ei god bok og kan sjå fram til ny utfordring neste fredag.»
Gunder Runde skriv: «Følgjer innarbeidd rutine: fødselsår i samsvar med tyskskrivande (og neppe tysk av nasjonalitet) nobelprisvinnar, sannsynleg årstal tidlegare enn 1930. Den einaste nobelprisvinnaren som dekkjer føremålet mitt, er sveitsaren Spitteler, nobelprisvinnar for 1919. Over på Wikipedia: litteraturåret 1919, fødslar. Utsiling med hard hand av neppe aktuelle namn, til eg stod att med tre: Iris Murdoch, Doris Lessing og Jerome David Salinger. Murdoch debuterte i 1954, og Lessing har rett nok utgitt ein del noveller, mellom anna i 1951, men ingen i 1953. Så då er det berre Jerome David (J. D.) Salinger som står att. Og det var full klaff: novellesamlinga Nine Stories vart utgitt i 1953 og kom på norsk i 1979, det vil seie 26 år seinare, under tittelen Ni noveller. For dei fleste lesarane vil nok romanen The Catcher in the Rye (1951) (utgitt på norsk i 1952 under tittelen Hver tar sin – så får vi andre ingen) vere betre kjend, som noko nær ei kultbok for unge amerikanarar. Av dei ni novellene i Nine Stories har ho vi er interesserte i, tittelen ‘Til Esmé – kjærlighetsfylt og tarvelig’. Sitatet i ‘Klok på bok’ finn vi som venta på side 102, men då var det verre å finne namnet på hunden. Først ved tredje gangs finlesing dukka hunden opp i ei bisetning, øvst på ei side, det vil seie særs godt gøymd. Hunden heiter noko så lite hundenamnvennleg som Alvin.»
Eli Hegna skriv: «To av novellene i J.D. Salingers Nine Stories er vurdert som hans aller beste. Sitatet i ukas oppgave stammer fra den ene av dem, ‘Til Esmé – kjærlighetsfylt og tarvelig’. Bakteppet er andre verdenskrig og møtet mellom en ung engelsk kvinne, Esmé, og en amerikansk soldat. En novelle som sier mye om å være stridende soldat og ettervirkningene på den enkelte etter krigens slutt. For min generasjon var hans The Catcher in the Rye utgitt første gang i 1951 en page-turner på 1960-tallet.»
Erik Steineger skriv: «Mye å lese før svaret dukket opp, men det ble et morsomt gjensyn med Salinger.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.