Hint for hint veke 51–52
Kva fornamn?
5 POENG: Over 5000 norske kvinner heiter dette, alle stavemåtar rekna med. Eit utanlandsk døme er den danske skulptøren som var gift med Carl Nielsen. Eit anna er austerrikske Moser-Pröll, som dominerte alpinsporten i 1970-åra.
4 POENG: Det er eit dobbeltnamn. Ein skodespelar er truleg den mest kjende norske beraren i dag. Me lyt òg nemne motstandskvinna Breien, designaren Ødegaard og jazzmusikaren Giørtz.
3 POENG: Den yngste søstera til Margrethe 2. av Danmark vart gresk dronning. Det første fornamnet er det mest talrike i Noreg.
2 POENG: Skodespelaren er Ottersen, fødd i 1945.
1 POENG: Det andre fornamnet er Marie.
Kva plante?
5 POENG: Kodein og papaverin er to alkaloid som finst naturleg i denne planten. Arten høyrer heime rundt Middelhavet, men vert dyrka mange stader. Det norske namnet er på tolv bokstavar.
4 POENG: Han er ein populær prydplante. Dette er ikkje grunnen til at han var sentral i to krigar (1839–1842 og 1856–1860).
3 POENG: Det første leddet i namnet er den tørke plantesafta som inneheld mange alkaloid, ikkje minst morfin.
2 POENG: Dei små, mørke frøa har dekorert mange loffar og rundstykke.
1 POENG: Det første leddet startar på o, det andre på v.
Kva litterært verk?
5 POENG: Forfattaren av dette verket døydde 43 år gamal. Hovudpersonen er trulova med skreddarsveinen Johan von Ehrenpreis.
4 POENG: Me er i den dansk-norske felleslitteraturen. Stykket er frå 1772 og parodierer fransk tragedie. Hovudpersonen Grete opnar med orda «Du aldrig bliver gift, hvis det i Dag ey skeer!» Men kjærasten er ute av byen, så ho går til eksen Mads.
3 POENG: Dette er hovudverket til Johan Herman Wessel.
2 POENG: Når kjærasten kjem tilbake, vil han gifte seg med Grete, men manglar ein type klesplagg. Desse er med i tittelen.
1 POENG: Kanskje kunne tittelen like godt ha vore Amor uten sokker.
Kva geografisk område?
5 POENG: Dette området går over fleire land. Arealet er 175.000 kvadratkilometer, folketalet seks millionar. Området er på det høgste 318 meter over havet.
4 POENG: Området var del av Sovjetunionen og er skarpt avgrensa. Det høgaste punktet heiter Suur Munamägi.
3 POENG: I dag er presidentane her Alar Karis, Edgars Rinkevics og Gitanas Nauseda.
2 POENG: I nord og vest ligg Austersjøen. I aust og sør ligg Russland, Belarus og Polen. Det engelske namnet på Austersjøen gjev svaret.
1 POENG: Me skal ha samlenamnet på Estland, Latvia og Litauen.
Svar på hinta:
Kva fornamn: Anne Marie
Kva plante: Opiumsvalmue (Opiumsplante er òg godkjent svar. Den første og den andre opiumskrigen enda med høvesvis britisk og britisk-fransk siger. Kina tapte båe.)
Kva litterært verk: Kierlighed uden Strømper (Kjærlighet uten strømper)
Kva geografisk område: Baltikum (eller dei baltiske landa/statane, om du vil)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.