Hint for hint veke 49
Kva opphaldsplass?
5 POENG: Den sveitsiske presten Walter Bion vert kalla far til denne typen opphaldsplass. Han starta den første i 1876. Dei første i Noreg stod klare utanfor Tønsberg sommaren 1898.
4 POENG: Stikkordet sommaren er relevant. Dei utanfor Tønsberg heitte Karlsvika 1 og Karlsvika 2. Ordet er på elleve bokstavar.
3 POENG: Med auka velstand utover 1900-talet har dei fleste vorte historie. Lillebjørn Nilsen song om ein slik.
2 POENG: Tanken var å samle barn, gjerne frå byen, til eit sunt opphald på landet. Ikkje heilt ulikt leirskulen i dag.
1 POENG: «Husker du den gangen da vi gikk på folkeskolen,/ da sommer’n det var …».
Kva person?
5 POENG: Denne personen var djupt interessert i litteratur. Folk la tidleg merke til talegåvene. Personen vart fødd i dagens Belarus i 1923 – den gongen Polen – og snakka polsk, fransk, engelsk, russisk, jiddisk og eit språk til.
4 POENG: Det siste språket er hebraisk. I den 70 år lange politiske karrieren var personen med i tolv regjeringar og fem ulike parti.
3 POENG: Han vart både statsminister og president i Israel. Han døydde i 2016.
2 POENG: Som utanriksminister bidrog han til Oslo-avtalen i 1993. Då fekk han Nobels fredspris saman med Yitzhak Rabin og Yasir Arafat.
1 POENG: Det polske fødenamnet er Szymon Perski.
Kva by?
5 POENG: Som turist i denne byen vil du vonleg sjå katedralen, strandavenyen Malecón og gamlebyen. Sistnemnde er verdsarvstad. Du landa truleg på José Martí internasjonale lufthamn.
4 POENG: Byen ligg på nordkysten. Han vart grunnlagd av conquistadoren Diego Velázquez de Cuéllar tidleg på 1500-talet.
3 POENG: Han er det politiske, økonomiske og kulturelle senteret i ein øystat. Kanskje syng du på Evert Taube, Kjartan Lauritzen eller Camila Cabello.
2 POENG: Sukkerrøyr, tobakk og frukt er viktige eksportvarer. Nokre andre store karibiske byar er Santo Domingo, Port-au-Prince, San Juan og Kingston.
1 POENG: Han er hovudstaden på det som lenge vart kalla Castros øy.
Kva TV-program?
5 POENG: Då Kjell Magne Bondevik deltok her, rekna programleiaren med at statsministeren ville «la gass være gass og gi full gass». Kort tid etter gjekk han av i gasskraftsaka.
4 POENG: Programmet hadde over ein million sjåarar på det meste. Jon-Willy Rydningen var kapellmeister. Den første episoden var med Nils Arne Eggen og Frode Kyvåg.
3 POENG: NRK-suksessen gjekk frå 2000 til 2009. Namnet er tre ord.
2 POENG: Underhaldningsprogrammet vart leia av Dan Børge Akerø.
1 POENG: Konseptet er at to kjendisar konkurrerer og får eit gjensyn med folk dei gjekk på skule med.
Svar på hinta
Kva opphaldsplass: Feriekoloni (Songen er «Stilleste gutt på sovesal 1».)
Kva person: Shimon Peres
Kva by: Havanna (Songreferansane var «Flickan i Havanna», «Havanna» og «Havana».)
Kva TV-program: Den store klassefesten
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.