Hint for hint veke 45
Kva norsk slekt?
5 POENG: Denne slekta kom til Noreg på 1600-talet. Namnet er etter ein landsby i Sønderjylland i Danmark. Greinene går ut frå tre brør fødde i 1770-åra. Over ti av medlemmane har eigen artikkel i Store norske leksikon.
4 POENG: Dei tre brørne var Georg, Jacob og Ulrik. Jacob var far til den mest kjende medlemmen (1816–1892). Ulrik var oldefar til polarforskaren.
3 POENG: Polarforskaren var Otto. Utover 1900-talet har me til dømes teologen Edvard, genetikaren Aslaug og lyrikaren Harald.
2 POENG: Den mest kjende medlemmen vart statsminister.
1 POENG: Statsminister Johan vert kalla parlamentarismens far.
Kva gjenstand?
5 POENG: Denne gjenstanden er spesielle individ hos fleire artar i slekta Trifolium. Symbolikken er felles for mange land, Noreg inkludert. Gjenstanden deler namn med eit norsk produkt frå 1926 med hovudsakleg blå emballasje.
4 POENG: Han er ein plante. Vanlege individ er nasjonalsymbol i Irland, då kalla shamrock.
3 POENG: Han er i logoen til både 4H, Senterpartiet og fleire søsterparti.
2 POENG: Det norske produktet er ein Freia-sjokolade. Fetter Anton er stadig å sjå med gjenstanden.
1 POENG: Symbolikken er å bringe lukke. Arten kan vere til dømes kvitkløver.
Kva organisasjon?
5 POENG: Denne norske organisasjonen har ein forløpar stifta i 1946. Han fører ein spesiell rekneskap, og i fjor var talet rekordstort: 117 millionar. Organisasjonen har òg den sivile styrken NORCAP, med om lag tusen ekspertar.
4 POENG: Han har hatt TV-aksjonen flest gonger, nemleg fem, sist i 2010. Arbeidet er retta mot ein type menneske som det var 117 millionar av i fjor.
3 POENG: I logoen ser me bokstavane NRC i kvit skrift på oransje botn. Generalsekretær er Jan Egeland.
2 POENG: Forløparen var Europahjelpen. Deretter var namnet Det Norske Flyktningeråd, så Flyktningerådet, så det noverande.
1 POENG: Båe ledda er å finne i dei tre gamle namna.
Kva fiktiv figur?
5 POENG: Dette er tittelfiguren i ein roman frå 1883. Den første norske omsetjinga var ved Margrethe Munthe (1921). Den mest kjende songen knytt til figuren vart framført av Cliff Edwards.
4 POENG: Romanforfattaren er italienske Carlo Collodi. Det har vore mange filmatiseringar.
3 POENG: Songen er «When You Wish upon a Star» frå Disney-filmen (1940). I 2022 vart treskjeraren Geppetto spelt av Tom Hanks.
2 POENG: Geppetto lagar figuren, ei tredokke som ynskjer å verte ein ekte gut.
1 POENG: Det er mykje å lære for figuren. Når han lyg, vert nasen lang.
Svar på hinta:
Kva norsk slekt: Sverdrup
Kva gjenstand: Firkløver
Kva organisasjon: Flyktninghjelpen
Kva fiktiv figur: Pinocchio
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.