Hint for hint
Kva daglegvarekjede?
5 POENG: Denne daglegvarekjeda er norsk, vart til i 1997 og omfattar rundt 450 butikkar. Prikken i logoen skil seg ut ved å vere raud.
4 POENG: NorgesGruppen har fem daglegvarekonsept. Frå størst til minst: Kiwi, denne, Spar, Meny og Nærbutikken. Alle har fordelsprogrammet Trumf.
3 POENG: Profilen er nærbutikk, ikkje lågpris og ikkje supermarknad. Mange av dei er Brustad-buer.
2 POENG: Bokstavane i logoen er i hovudsak kvite. Dei er skrivne på ein bakgrunn som er ei gul stripe over ei grøn stripe.
1 POENG: Den raude prikken er del av forbokstaven, ein liten j.
Kva dyr?
5 POENG: Dette dyret kan stå framfor -gjedde, -hai og -størje. Alle tre har utsjånad som minner om dyret. Det vitskaplege namnet er Scomber scombrus.
4 POENG: Dyret er sjølv ein fisk, ein av få som manglar symjeblære. Difor må han røre seg heile tida for ikkje å søkke. Storleiken er sjeldan over 50 cm og 3 kg.
3 POENG: Han er langstrekt. Oversida er blågrøn med mørke tverrstriper. Undersida er sølvkvit. Unge individ vert kalla pir.
2 POENG: Stimfisken er ein vanleg matfisk, rik på til dømes vitamin D og vitamin B12. Han gjev namn til ei terne og ein skytype.
1 POENG: Servert i tomatsaus er han eit vanleg norsk pålegg.
Kva person?
5 POENG: Denne personen har selskapet LACKTR, der det går i grafikk, lyd, film og fotokunst. 45-åringen er blodfan av Motorpsycho og har skrive bok om bandet. Rogalendingen kjem ikkje frå Troms.
4 POENG: Siddisen er best kjend for skjønnlitteratur, særleg mursteinsromanar. Han slo gjennom med eit brak i 2005. I 2008 fekk han Brageprisen for Darlah – 172 timer på månen. Det er science fiction for ungdom.
3 POENG: Hovudpersonen i gjennombrotsromanen dyrkar ein verkeleg månefarar.
2 POENG: Tittelen er Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?.
1 POENG: Forfattaren har initialane J.H. Etternamnet er òg ein by i Troms.
Fem kallenamn – kva by?
5 POENG: Denne byen har det noko ulne kallenamnet The City that Care Forgot. Ei hending i 2005 skulle halvere folketalet.
4 POENG: Kallenamnet Crescent City viser til at Mississippi tek ei skarp sving her. Byen ligg òg ved ein innsjø, Lake Pontchartrain.
3 POENG: Innbyggjarane er visstnok rolege og ottelause. Det står godt til kallenamnet The Big Easy.
2 POENG: The Birthplace of Jazz er òg kjend for kreolsk mat og karnevalet Mardi Gras.
1 POENG: Byen vert forkorta til NO i kallenamnet NOLA. LA står her for delstaten Louisiana.
Svar på hinta:
Kva daglegvarekjede: Joker
Kva dyr: Makrell
Kva person: Johan Harstad
Kva by: New Orleans (Hendinga i 2005 var orkanen Katrina.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø