Samtalen

Kongstanken

Kva om kong Harald berre sa: «Nei, dette gidd eg ikkje meir. Eg sluttar.» Kan han gjere det?

Kong Harald held humøret trass krevjande tider.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje lett å vere kongeleg i 2026, og det er ikkje eingong nødvendig å ramse opp utfordringane som har kome kongens veg dei siste åra, og alt desse sakene fører til av massiv presseomtale. Og så klart er det forståeleg om temaet har blitt diskutert under søndagsmiddagar på Slottet: Må vi dette? Skal vi gidde?

Men kan kong Harald berre slutte? På Det juridiske fakultet ved Universitetet på Magnus Lagabøtes plass 1 i Bergen sit professor Eirik Holmøyvik frå Nordfjordeid, og han har sett seg godt inn i slike konstitusjonelle spørsmål. Han er òg fast skribent i Dag og Tid.

– Først: Kan kong Harald abdisere?

– Ja, det kan han. Det har alltid vore lagt til grunn at ein konge kan abdisere om han vil.

– På vegner av familien?

– Nei, då stridest dei lærde. Argumentet for er at det har skjedd før.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement