Hint for hint
Kva person?
5 POENG: Denne personen flytta frå fødebyen til hovudstaden i 1980. Familien kjende på skuld då fødebyen seinare same året opplevde ein massakre. Personen var å sjå på Lillehammer i mai 2019.
4 POENG: Personen er fødd i 1970 og synest meir oppteken av kjenslehandtering enn protest. Det går mykje i såre tema. Til dømes det nemnde Gwangju-opprøret.
3 POENG: Ho er forfattar, men også musikar og biletkunstnar. Romanen Vegetarianeren vart det internasjonale gjennombrotet.
2 POENG: Svenska Akademien har nyss løfta fram «hennes intensiva poetiska prosa».
1 POENG: Ho er Sør-Koreas første nobelprisvinnar i litteratur. Familienamnet er identisk med eit norsk personleg pronomen.
Kva øy?
5 POENG: På kartet liknar denne øya ein sirupssnipp vend mot høgre. Ho er nesten delt av to fjordar frå nord og sør, som møtest nær mandelen. Øya var åstad for operasjon Claymore.
4 POENG: Øya har Gimsøystraumen i vest og Raftsundet i aust. Ho er delt mellom kommunane Vågan og Hadsel. Aust for mandelen ligg Trollfjorden, der Trollfjordslaget stod i 1890.
3 POENG: Vågan er i Lofoten, Hadsel i Vesterålen. Einaste byen er Svolvær.
2 POENG: Operasjon Claymore i 1941 var ein britisk og norsk aksjon. Inger Hagerup skreiv dikt om dei tyske represaliane etterpå.
1 POENG: I vest ligg Gimsøya og Vestvågøya.
Kva produkt?
5 POENG: Dette produktet kjem frå USA og vart lansert i 1967, på landsbasis året etter. Det første namnet, Aristocrat, vart skrota. Det andre òg. Den første norske utsalsstaden opna i Nedre Slottsgate i Oslo i 1983.
4 POENG: Produktet er delt i fleire vassrette lag og gjev namn til ein uformell indeks. Sistnemnde samanliknar kjøpekraft i ulike valutaer.
3 POENG: Produktet vert lokalt tilpassa. I Noreg får du til dømes isbergsalat og sylteagurk innimellom laga. Namnet er to ord.
2 POENG: Det er hurtigmat. Du veit sjølv om slagordet «I’m lovin’ it» treffer deg.
1 POENG: Han er kanskje verdas mest populære hamburgar, ifølgje McDonald’s.
Kva årstal?
5 POENG: Ibn Battuta er ei viktig kjelde til afrikansk historie. Me skal til eit av åra han var på reise. I Roma fekk Colosseum store skadar i eit jordskjelv.
4 POENG: Eit norsk svartmetallband har teke årstalet som namn, ikkje heilt overraskande. Året er òg med i ein boktittel av Torill Thorstad Hauger.
3 POENG: Theodor Kittelsen har mange skildringar av den mest kjende hendinga dette året. Svaret sluttar på 9.
2 POENG: Thorstad Haugers bok heiter Det kom et skip til Bjørgvin i (…).
1 POENG: Det kan hende svartedauden sneia innom Austlandet allereie året før.
Svar på hinta:
Kva person: Han Kang (Lillehammer-vitjinga var på Norsk Litteraturfestival.)
Kva øy: Austvågøya (Diktet er «Aust-Vågøy. Mars 1941».)
Kva produkt: Big Mac (Det andre skrota namnet er Blue Ribbon Burger. Indeksen er Big Mac Index.)
Kva årstal: 1349
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.
Foto: Nina Djæff
Eit sandkorn i maskineriet
Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.
Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.
Foto: Frederik Ringnes / NTB
Husforsikring i hardt vêr
Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?
Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Vestre må avslutte konflikter og beklage
«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»
Teikning: May Linn Clement
Tid for realitetsorientering
Valet av Donald Trump til president er ikkje noka tilfeldig ulukke, men ei fylgje av dårleg politisk handverk gjennom lang tid.
James Rebanks på Lillehammer sist veke.
Foto: Morten A. Strøksnes
Ein mann for alle årstider
LILLEHAMMER: Etter å ha skrive to svært populære bøker om landbruk og sauehald hamna James Rebanks i ei krise som førte han til eit dunvær på Helgeland.