Hint for hint
Kva bygning?
5 POENG: Denne nyklassisistiske bygningen er 50 meter høg. Han står på det som tidlegare heitte Stjerneplassen (her omsett til norsk). Den sirkulære plassen har tolv gater som går beint ut kvar sin veg. Byggjeåra er 1806–1836.
4 POENG: Takterrassen er tilgjengeleg for publikum. På bakkenivået finn du Den ukjende soldats grav. I dag har plassen namn etter ein offiser som vart president.
3 POENG: Bygningen vart teikna av arkitekten Jean Chalgrin og oppført etter slaget ved Austerlitz. Han heidrar mange soldatar og sigrar.
2 POENG: Han står på Place Charles de Gaulle i vestenden av Champs-Élysées.
1 POENG: Franskmennene kallar bygningen Arc de Triomphe.
Kva song?
5 POENG: Ken Derby er hovudforfattaren av denne songen. Han lét kona Vera Matson stå kreditert saman med artisten. Songen deler tittel med eit skodespel av Ragnar Hovland og eit album av Lisa Dillan, båe inspirerte av artisten.
4 POENG: Året var 1956. Artisten debuterte som skodespelar nokre veker seinare i ein film med same namn. Melodien er frå «Aura Lea», ein song om den amerikanske borgarkrigen.
3 POENG: Elvis-balladen gjekk til topps på Billboard Hot 100. Det siste ordet i tittelen er grammatisk feil.
2 POENG: Sluttorda er: «For my darling I love you/ And I always will».
1 POENG: Tittelen tyder strengt teke «Elsk meg øm».
Kva matrett?
5 POENG: Det finst ei populær, men kanskje ikkje sann forteljing om opphavet til denne matretten. Ho handlar om eit kongepar på besøk i 1889. Dei fekk fleire alternativ og likte best ein variant med tre høvelege fargar.
4 POENG: I forteljinga heiter oppfinnaren Raffaele Esposito. Korkje han eller kong Umberto 1. gjev namn til matretten.
3 POENG: Besøket var ikkje overraskande i Napoli. Fargane er raud, kvit og grøn.
2 POENG: Matretten er ein enkel og vidgjeten variant. Fargane kjem av toppinga: tomatsaus, mozzarella og basilikum.
1 POENG: Umberto 1. var gift med dronning Margherita.
Kva person?
5 POENG: Denne personen var ugift og budde saman med ein nær ven i rundt 40 år, til dømes i München og Paris. Dei døydde høvesvis 70 og 87 år gamle. Båe var sentrale i Fleskumsommaren og den påfølgjande Lysakerkrinsen.
4 POENG: Fleskumsommaren i 1886 innleidde nyromantikken i norsk målarkunst. Dei andre hovudpersonane var Skredsvig, Munthe, Peterssen og Werenskiold.
3 POENG: Personen ville framstille liv og sanning og er kjend for landskapsmåleri frå Jæren.
2 POENG: Ho heitte eigentleg Christine. Den mangeårige venen er Harriet Backer.
1 POENG: Kitty hadde forfattarbroren Alexander, som har vorte kalla ein av «dei fire store».
Fasit
Kva bygning: Triumfbogen (Napoleon starta oppføringa etter sigeren ved Austerlitz. Både dødsfallet til arkitekt Chalgrin og abdikasjonen til Napoleon forseinka arbeidet. Det vart fullført under kong Ludvig Filip 1.)
Kva song: «Love Me Tender» (Det er adjektivet tender som er grammatisk feil. Det rette er adverbet tenderly.)
Kva matrett: Pizza Margherita
Kva person: Kitty Kielland
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.