JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

QuizTidtrøyte

Hint for hint

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2816
20240531
2816
20240531

Kva person?

5 POENG: Denne tobarnsfaren vart fødd i New Orleans i 1939. Under den mest kjende hendinga i livet hans var han i ein bygning som heitte Texas School Book Depository.

4 POENG: Han flytta mykje som barn, slutta på skulen, vart marinesoldat og hoppa av til Sovjetunionen i 1959. Enkja hans lever framleis og er fødd Marina Prusakova.

3 POENG: Han skaut og drap politimannen J.D. Tippit den 22. november 1963 og vart arrestert.

2 POENG: To dagar seinare vart han sjølv drepen av nattklubbeigaren Jack Ruby.

1 POENG: Ifølgje etterforskinga drap han J.D. Tippit under ein time etter at han drap USAs president.

Kva pris?

5 POENG: Denne prisen er årleg. Vinnarane får ein glasstatuett og ein pengesum. I 2010-åra gjekk prisen til mellom andre ungarske Endre Szemerédi, belgiske Pierre Deligne og russiske Yakov G. Sinai.

4 POENG: Den første vinnaren var franske Jean-Pierre Serre i 2003. I 2019 fekk me den første kvinnelege vinnaren, amerikanske Karen Uhlenbeck.

3 POENG: Prisen er norsk og vart stifta i 2002, til 200-årsjubileet for ein fødsel. Pengesummen er på 7,5 millionar kroner.

2 POENG: Han vert delt ut av Det Norske Videnskaps-Akademi.

1 POENG: Han er oppkalla etter Noregs viktigaste matematikar (1802–1829).

Kva sjakkopning?

5 POENG: Denne sjakkopninga er knytt til ein prest som analyserte henne på 1500-talet. Eit mogleg forsvar for svart heiter den norske varianten, spelt av mellom andre Svein Johannessen.

4 POENG: Ho er mykje nytta på alle nivå og er desse trekka: 1. Kvit bonde til e4 og svart bonde til e5. 2. Kvit springar til f3 og svart springar til c6. 3. Kvit løpar til b5.

3 POENG: Ho vert også kalla Ruy Lopez, etter presten, som heitte Ruy López de Segura. Eit mykje sett parti er i Flåklypa Grand Prix.

2 POENG: Namnet viser til landet presten var frå.

1 POENG: Italiensk opning liknar, medan fransk forsvar er nærare reint geografisk.

Kva fjord?

5 POENG: Denne fjorden er trong. Det er flott utsikt frå toppane Bakkanosi og Vindeggi, høvesvis 1398 og 1294 moh. Dei ligg på kvar si side av fjorden, berre tre kilometer frå einannan.

4 POENG: Han er snaue 20 kilometer. Ved utløpet ligg fjellet Beitelen. Den andre enden er i sørvest. Der møter han ein dal som fører vidare opp mot Stalheimskleiva.

3 POENG: Fjorden går inn til Gudvangen og er ein arm av Aurlandsfjorden. Sistnemnde er ein sørleg arm av Sognefjorden.

2 POENG: Han utgjer verdsarvstaden Vestnorsk fjordlandskap saman med Geirangerfjorden.

1 POENG: Den første delen av namnet kjem kanskje av norrønt nór, trong.

Svar nedanfor:

Kva person: Lee Harvey Oswald (Han skaut John F. Kennedy frå eit vindauge i den nemnde bygningen, som i dag har namnet Dallas County Administration Building.)

Kva pris: Abelprisen

Kva sjakkopning: Spansk opning

Kva fjord: Nærøyfjorden (Dalen heiter Nærøydalen.)

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis