Quiz

Hint for hint

Publisert Sist oppdatert

Kva person?

5 POENG: Prinsesse Diana var i den celebre venekrinsen til denne maksimalisten. Han hoppa av arkitektstudiet og starta eige selskap i 1978. Gresk-romersk kunst var ein viktig inspirasjon.

4 POENG: Fødselsåret er 1946. Tre stikkord om stilen er luksuriøs, kontrastfylt og dristig. Godt kjend er ein svart kjole brukt av skodespelaren Elizabeth Hurley.

3 POENG: Både broren Santo og systera Donatella har viktige stillingar i selskapet. I logoen ser me Medusa.

2 POENG: Han er ein av Italias største moteskaparar. Han vart skoten og drepen i Miami Beach i 1997.

1 POENG: Me forkortar vanlegvis fornamnet Giovanni.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement