Hint for hint 3. mai
Kva yrkestittel?
5 POENG: Dei som nyttar eit pensejern, har fort denne yrkestittelen. Den mest kjende norske utøvaren er fiktiv og høyrer til i ei bok frå 1955. Årsløna er på rundt 500.000 kroner.
4 POENG: Ein har kunna utøve yrket her til lands sidan 1894. Det er turnusarbeid, og utdanninga er om lag tre månader. Dødsfallet til Antoni Gaudí er relevant.
3 POENG: Yrket er mykje stillesitjande. Mange byter mellom to arbeidsrom, eitt i kvar ende. I Oslo er kjennefargen blå.
2 POENG: Pensejern vert nytta til å veksle spor manuelt.
1 POENG: Bokkarakteren frå 1955 er Syversen i Kardemomme by.
Kva person?
5 POENG: Denne personen hadde godt medietekke og var oppteken av å leve eit strenuous life. Han vart både enkjemann og morlaus 14. februar 1884. På bilete har han ofte brilletypen pincenez.
4 POENG: Han vart krigshelt i den spansk-amerikanske krigen i 1898. Eit anna viktig felt er naturvern.
3 POENG: Statsleiaren fekk Nobels fredspris i 1906 for å mekle i den russisk-japanske krigen.
2 POENG: Han tok over etter drapet på William McKinley og er USAs yngste president. Han gjev namn til eit leiketøy og eit sigarettmerke.
1 POENG: Ekteparet Eleanor og Franklin med same etternamn var høvesvis niese og seksmenning av han.
Kva slags bygning?
5 POENG: Denne bygningstypen har namn frå gresk for konge. Fleire ordbøker gjev to tydingar. Den eldre bygningstypen vart truleg førebilete for den yngre.
4 POENG: Tyding 1 i Nynorskordboka er: «gresk-romersk offentleg bygning med høgt midtparti som skyt opp over sidepartia». Her er det tale om ein børs- eller rettsbygning.
3 POENG: Tyding 2 er «kyrkjebygning som liknar ein (…)», med referanse tilbake til tyding 1. Eit markant døme er gotiske katedralar.
2 POENG: Peterskyrkja vert òg kalla den nye St. Peters (…).
1 POENG: Tre andre ord frå konge på gresk er basileus, basilisk og basilikum.
Kva kommune?
5 POENG: Denne kommunen langs Kystriksvegen er i hovudsak ei halvøy i aust og øyane Handnesøya, Hugla og Tomma i vest. Flyoffiseren Birger Fredrik Motzfeldt vart fødd her.
4 POENG: Musikaren Ida Maria kjem òg frå kommunen. Tettstaden med same namn er fast stoppestad på Hurtigruten, nummer 12 av 34 rekna frå Bergen.
3 POENG: Petter Dass var residerande kapellan her. Kommunen har berre landegrense i aust mot Rana. Han gjev namn til ein filtsko.
2 POENG: Det har vore lærarutdanning her i over 100 år. Då Nord universitet ville leggje ned studiestaden, vart det bråk.
1 POENG: Namnet kjem av ordet nes.
Svar på hint for hint
Kva yrkestittel: Trikkeførar (1894 er året Noreg fekk trikk, altså elektrisk sporvogn. Det hadde vore hestesporvogn sidan 1875. Gaudí vart påkøyrd av trikken i Barcelona og døydde.)
Kva person: Theodore Roosevelt (Oppkallingane er teddybjørnen og sigarettmerket Teddy.)
Kva slags bygning: Basilika
Kva kommune: Nesna kommune (Petter Dass vart seinare sokneprest i Alstahaug, eit prestegjeld som omfatta mellom anna Nesna. Filtskoen er nesnalobb.)
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.
Foto: Another World Entertainment
Skrekkeleg skuffande
Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.
Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.
Foto: Samuel Hess
Mindre er meir
Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.
Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.
Foto: Laurent le Crabe
Oppussinga
Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.
Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.
Foto: Kim E. Andreassen / UiB
Israel-boikott splittar akademia
Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.
Lite mat: Det er ikkje mykje mat å spore i 17. mai-biletarkivet til NTB, men Andrea (2) har iallfall fått is. Hurra!
Foto: Per Løchen /NTB
Mat på nasjonaldagen
Kva bør vi ete i dag om vi lèt årstida styre menyen?