Klok på bok

Punktum finale

Publisert

Førre fredag lova me raude trådar i spalta du les no. Med utgangspunkt i fire forfattarar som alle er vinnarar av Nobelprisen i litteratur, vil me i dag strikke ein raud klut som først og fremst vil terge regelryttarar innanfor fagfeltet interpunksjon.

I tillegg til årets vinnar, László Krasznahorkai, vil me trekkje fram José Saramago, Imre Kertész og Jon Fosse som døme på forfattarar med eit særs avslappa forhold til tradisjonell teiknsetting. I eit intervju i Electric Literature (5. juli 2012) sa Krasznahorkai at han ikkje stolte på korte setningar, fordi folk snakkar med komma, ikkje punktum: «Punktumet tilhøyrer Gud».

Med eigedomsretten til punktumet på plass kan me sleppe til Gunder Runde. Han skriv: «Dagens oppgåve kan best samanliknast med ein biltur på ein autostrada utan trafikklys. 1) Berre éin tysk forfattar som fekk Nobelprisen innanfor det aktuelle tidsrommet, nemleg Thomas Mann (1929). 2) Berre éin aktuell norsk forfattar som vart fødd i 1929, nemleg Kjell Askildsen (1929–2021). 3) Novellesamlinga han gav ut i 1991, står i hylla mi, det er Et stort øde landskap. Og novella som Kpb-utdraget er henta frå, har tittelen «Jeg er ikke sånn, jeg er ikke sånn». Dette var dei siste orda som søster til hovudpersonen sa, før det såg ut som ho sovna. Men som hovudpersonen i novella seier det, kort og greitt: «hun sov ikke, hun var død». Og naboen til søstera heiter Gabriel Grude Jensen. Askildsen debuterte i 1953 med novellesamlinga Heretter følger jeg deg helt hjem, som vekte stor oppsikt og til dels avsky i heimbyen Mandal på grunn av dei seksuelle skildringane i boka, som sett med notidas auge var temmeleg uskuldige. Men biblioteket i heimbyen nekta å låne ut boka, og Askildsen fortel sjølv at den særs pietistiske faren hans (som også var lensmann) brende boka. Seinare (i 1990) bad ordføraren i Mandal Askildsen om orsaking for den måten boka vart motteken på i heimbyen. Askildsen gav etter kvart ut mange romanar og novellesamlingar, og vart ein svært kjend og prisbelønt forfattar. Politisk var han aktiv på venstresida (AKP-m-l) i alle år, og på midten av 80-åra skifte han forlag, frå Aschehoug til Oktober. Frå 1982 hadde han ein lengre skrivepause (åtte år), men så kom den kanskje viktigaste boka hans (det vil seie dagens nøtt) i 1991. Som novelleforfattar er det neppe nokon som kan tevle med han, i alle fall her i landet, hans usentimentale skildringar av eldre, sinte, einsame, til dels resignerte menn (ofte med arrige åtak på nære slektningar, søster, bror/tvillingbror) er utruleg råkande og gode. For ettertida er det nok særleg desse novellene hans som vil verte hugsa. Men han var også romanforfattar, og også arbeidet hans som omsettar og som medlem av det litterære rådet i Den norske forfatterforening er viktig. Og så vart det gjennomlesing og ny glede over denne boka!»

Kirsten Ribu skriv: «Askildsen er sabla god!»

Cyno Grassator skriv: «Takk for dette påskuddet for gjensyn med en av Askildsens mange mesterlige noveller!»

Det er ikkje aude på lista over folk med rett svar på oppgåve 1694: John Olav Johnsen, Signar Myrvang, Eli Winjum, Kjell Brøndbo, Ingebjørg Sogge, Ragnhild Eggen, Jorunn Øxnevad Lie, Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Nils Farstad, Vigdis Hegna Myrvang, Lise Haaland, Cyno Grassator, Inger Anne Hammervoll, Ole Husby, Arnfrid Vågslid Skjæveland, Arve Kjøstvedt, Jan Erik Røed, Brita Lundeland, Gunnar Sanderud, Robert Øfsti, Ole G. Evensen, Else Gjesdahl Sørensen, Gunder Runde, Audun Gjengedal, Olav Holten, Eirik Holten, Jan Petter Skrede, Laurits Killingbergtrø, Eli Hegna, Olav B. Larsen, Rune Nilsen, Sissel Gunnarshaug, Kristine Fluge, John Dag Hutchison, Helge Flæte, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Kathrine Valle, Viggo Østebø, Inger Margrethe Berge, Per Trygve Karstensen, Thana Rongen, Tiril Bonnevie, Jan M. Loftesnes, Vera Andersen, Asbjørg Sollid Langeland, Gunnar Bæra, Heidi Njaa, Cathrine Bore, Magnhild Reisæter, Mari Vannes, Sigrun Gjengedal Ruud, Tore Heggem, Gunnar Eide, Guro og Åmund, Dag Skarstein, Ingerid Skarstein, Kirsten Ribu, Reidar Birkeland, Paul Kjetel Soldal Lillemoen, Egil Nestande, Kirsten Bakke, Harald Gjørtz, Irene og Tore på Tranby og Olaug Denstadli. Denne gongen heiter bokvinnaren Lise Haaland. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement