Klok på bok

Post påske

Publisert Sist oppdatert

Det har vorte ein vane, dette med at verda står til påske uansett kva folk går kring og seier elles i året. Men sjølv om verda står, veit me at skisesongen snart er slutt når det livnar i lundar. Før fotplankane får ein kvil, vil me i dag nemne noko om den fargerike svenske skiløparen Arthur Häggblad (1908–1989).

Häggblad vann Vasaloppet fire gonger. Han var også ein del av det svenske stafettlaget som vann bronse under vinter-OL i Garmisch-Partenkirchen i 1936. Etter ei tøff femmil i Falun i 1935 vart Arthur Häggblad spurd av landshovding Bernhard Eriksson om korleis det kjendest. Svaret var: «Åk själv, gubbdjävel – så får du se hur det känns!»

I eit radiointervju etter eit anna løp vart Arthur spurd om han hadde nokon helsingar til lyttarane, og han svarte: «Ja, skidlöpning är ett hundliv. Jag önskar jag vore död. Hälsa till vem fan som helst!»

Så til Bent Arne Sæther, som skriv: «Her blei det mye famling. Hva er egentlig det nyttigste sporet? Novellesamling? Det kommer ikke altfor mange novellesamlinger hvert år. Fødselsåret? Det er ikke så reint sjelden at litteraturprisen har gått til forfattere fra Sentral-Europa. Rundt ti ganger fra 1946 til 2004, avhengig av åssen en avgrenser Sentral-Europa. Men ikke lett å finne oversikt over forfattere født i de åra. Navnet? Sannsynligvis er fornavnet kort. Men jeg kommer ikke umiddelbart på noen blant ’the usual suspects’, kjente nynorskforfattere. Det slår meg at vi står overfor et sjeldent fenomen. Likevel er det den veien som fører til målet, for ved en tilfeldighet dukker navnet Ane Barmen opp, med ei novellesamling i 2024: Sitka! Og – født i 1984 (Jaroslav Seifert). Ukjent forfatter, men alt stemmer. Heldigvis har de boka inne på lokalbiblioteket, og det er fortsatt en time til det stenger. Fem noveller. Oppgaveteksten er å finne tidlig i tittelnovella. Der finner jeg også hunden Bea. Mor og to barn flykter fra huset der Bea holder til, og fra en kontrollerende mann. Seinere får vi vite at de bor på et nytt sted. Mor og Mariell skulle egentlig ha sett en film sammen, men isteden skal mor på besøk til en mann i nabolaget. ’Eg svelger. Ja, okei, seier eg.’ I neste novelle – ’Jage hjort’ – finner jeg Tika. Den siste novella heter ’Alt det grå’, og der heter bikkja Lidvar. Bikkjene heter Bea, Tika og Lidvar – og så Balder, da.»

Gunder Runde skriv: «Nynorsk novelle 2024, det burde vere overkomeleg å finne. Eg satsa på boklistene for dei mest nynorskvennlege forlaga: Samlaget, Skald, deretter Oktober – alle tre utan resultat. Så var det over på dei ’store’, og der finn eg ei høveleg bok i Gyldendal si liste, nemleg Sitka, med undertittelen ’Pøbelgrannoveller’. Som eg skulle ha sagt det sjølv: Det er lite som har irritert meg meir enn desse urskogsvariantane av ugras, nemleg sitkagranene! Forfattaren heiter Ane Barmen, frå Vågsøy i Nordfjord. Ho debuterte med ei ungdomsbok i 2019 (Draumar betyr ingenting) som fekk Brageprisen. Seinare har ho gitt ut fleire bøker, både barnebøker og såkalla vaksenlitteratur. I tillegg til å vere forfattar er ho også skodespelar, musikkvitar og omsetjar. Kjekt å verte gjort kjend med ei ny forfattarrøyst, og ikkje minst: så å seie frå mine heimetrakter!»

Espen John Ombler skriv: «En fin samling noveller om barn og voksne som på ulike måter opplever motvind i livet, men som allikevel seiler godt imot. Takk for fin spalte i avisen!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement