Klok på bok

På leit etter Lennart

Publisert Sist oppdatert

Definisjonen på kunstig intelligens er, ifylgje Nynorskordboka, «eigenskap ved datamaskinar som minner om menneskeleg intelligens». Her er det viktig å bite seg merke i «minner om», elles kan ein ende opp med å måtte bite i graset.

Diverre var det mange innsendarar som fekk bite i det sure eplet denne gongen. Me fekk inn flust med fine og kreative løysingar, men mange av dei hadde ein liten mangel, nemleg at innsendarane ikkje hadde funne fram til rett svar.

Her i bokstova har me sjølvsagt gjennomskoda at nokre nyttar KI for å løyse oppgåvene. Me får ikkje gjort så mykje med det, men me set pris på at folk er ærlege om det. Ikkje minst av di vi ofte får oss ein god lått. Eit døme kunne vere når Robert Øfsti skriv: «Eg måtte ha hjelp av KI til å finne ut at Vidar sin far heiter Sven, i Alex Schulman si bok 17. juni. Så det hadde jo vore litt artig om svaret var feil.»

Anne-Marthe, Norli Ålesund Storsenter og Harald Gjørtz skriv: «Berre ein liten halvtime etter at oppgåveteksten var send Anne-Marthe, låg svaret i innboksen. (Lett for ho med ei bok frå i år.) Eg drog til biblioteket, men der var ikkje boka i hyllene, så noka fordjuping i teksten vart det ikkje. Det blei med litt forsiktig blading i bokhandelen sitt eksemplar (byrja bakfrå), og det vart treff etter få minutt. Forfattaren av romanen 17. juni er Alex Schulman, og faren til hovudpersonen heiter Lennart.»

Jan Ekrene skriv: «Å finna namnet på faren var ’mødosamt’, men eg fann fram til Lennart til slutt.»

Gunder Runde skriv: «Dette sitatet kjende eg att frå ei bok eg nyleg har lese, nemleg 17. juni av svenske Alex(ander) Schulman (fødd 1976). Eg vart nyfiken på denne boka fordi eg tidlegare har lese to bøker av Schulman, og fordi eg vart interessert i måten å konstruere eit litterært plot på, nemleg ved å konfrontere ein vaksen mann på ein direkte måte med barndomen. Den vaksne mannen Vidar slår (nærmast ved eit tilfelle) nummeret til sommarhuset til familien, og der svarer faren (som for lengst er død) telefonen. Og så utviklar det seg derifrå, Vidar (den vaksne) får tale med Vidar (han sjølv som gutunge) og forstår at eit eller anna har hendt på denne datoen, 17. juni 1986, som Vidar d.e. ikkje kan hugse. Og så utviklar det seg vidare. Ein får vel seie at dette er ein noko uvanleg synsvinkel! Samtidig flettar forfattaren inn ein episode der Vidar d.e. har gått laus på ein av elevane sine, noko han sjølv ikkje kan hugse (eller har fortrengt).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement