Klok på bok
På kant med Kant
Velkommen til gards. I dag vert det lett filosofiundervising her i bokstova. Me skal sjå nærare på uttrykket das Ding an sich, eller tingen i seg sjølv, som det heiter om me ynskjer ein meir nynorsk klang. Mest kjend i tilknyting til omgrepet er filosofen Immanuel Kant. Han meistra mange språk, men nynorsk var diverre ikkje eit av dei.
Ein freistnad på ei stutt og ufullstendig framstilling kan lyde slik: Kant refererer til kva ting er i seg sjølv, uavhengig av sansane, erfaringane og forståinga vår. Filosofen hevdar at me berre kan kjenne ting slik dei verkar for oss, men at tingen i seg sjølv er noko me ikkje kan kjenne, fordi han eksisterer utanfor erkjenningsramma vår.
Hadde Immanuel Kant levd lenge nok til å lese presentasjonen ovanfor, ville nok boklækjaren fått smake spaserstokken filosofen nytta når han gjekk sin daglege tur i Königsberg. Det er lett å yppe seg når overmakta har vore død i meir enn 200 år.
Gunder Runde skriv: «Utdrag frå dagboka til ein ihuga Klok på bok-veteran: Fredag: Dag og Tid presist komen til postkassa (som vanleg). Første fase: tekstutdraget i Klok på bok 1677 – heilt ukjent. Slår opp i Wikipedias ’Litteraturåret 2020’ – ingen funn. Så: amerikanske nobelprisvinnarar – til saman seks funn, dei skal få kvile i dag! Derimot: finlesing av teksta. Eg festar meg ved to omgrep: 1) skuldkjensle 2) sjølvbiografi. Så bit eg hovudet av all skam og slår opp på sidemål på nettet: ’roman 2020 + skyldfølelse + selvbiografi’. Og då får eg fram to artiklar som eg synest er interessante, ein i Vinduet 4/2020 og den andre i Psykologtidsskriftet 1. september 2021 – begge desse artiklane handlar om boka Tingenes tilstand av Sandra Lillebø. Tampen brenn! Men for å vere heilt trygg, går eg vidare, no til NRKs podkast Åpen bok, som har eit ti minutts intervju med Sandra Lillebø. På umiskjenneleg ålesundsdialekt fortel ho om boka. Litt ute i intervjuet bruker ho nesten identiske ord frå Klok på bok-sitatet: om ’å ha skuld utan ansvar eller ansvar utan skuld’. Dermed er eg ganske sikker på at dette er rett forfattar og rett bok. Men no er det vorte fredags kveld, og eg må vente til laurdag for å gå vidare. Laurdag: Til Ulstein bibliotek, leitar meg fram til L i hylla, og der står jammen Tingenes tilstand! Og resten er plankekøyring: Sitatet finn eg sjølvsagt på side 176, og etter litt blading i boka finn eg også nynorskforfattaren, som viser seg å vere Ragnar Hovland (Sveve over vatna). Sandra Lillebø har gitt ut to diktsamlingar før romandebuten, og endå ein roman etterpå (En fransk familie, 2023). Romanen har fått svært god omtale, og dei måtte prente nytt opplag av boka same året. Boka handlar om forholdet mellom eit barn / ei ung jente og mora, som er psykisk sjuk, og som dottera tar seg av på alle måtar, utan å reflektere over om det er mogleg å få hjelp frå andre til å klare denne vanskelege situasjonen. Eg har lånt boka på biblioteket og ser fram til å lese henne. Takk til boklækjaren som endå ein gong har funne fram til god og nødvendig litteratur!»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny og høveleg utfordrande bokgåte, Medikus. Eg er heldig som bur i ein ’storby’, for avisa dunka ned på dørmatta alt klokka seks om morgonen. I underkleda sette eg meg straks ved PC-en og gjekk ut frå tipsa dine og fann fram til ei svært sannsynleg bok. Den boka har ikkje eg, men eg fann ut at ho er på næraste Deichman-avdeling her. Da galdt det å kome seg fort dit, før andre sleipe bokløysarar kunne snappe boka før meg. Lettare påkledd gjekk eg så dit og fekk opna døra med hjelp av koden Oslonøkkelen. Eg storma fram til forfattarane på L og drog fingeren bortover hylla til Lillebø. Rett nok, det var som eg gjetta, forfattaren er Sandra Lillebø, og boka hennar har tittelen Tingenes tilstand. No kunne eg vandre roleg heim og setje meg i stresslessen for å nyte skildringane og ha eit vake auge på nynorske forfattarar i boka. Jau da, på side 87 skildrar forfattaren at ho (også) gjekk inn på Deichmanske bibliotek ein gong og las halve Sveve over vatna av Ragnar Hovland før ho måtte ut att til pliktene sine. Den nynorske forfattaren i gåta vår er altså Ragnar Hovland, som har vore ein tidgjengd gjest i bokgåta i Dag og Tid.»
Ingerid Skarstein skriv: «Eminente Sandra Lillebø!»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.