Klok på bok
Otto baklengs
Om du har tenkt deg til Roma, finst det fleire vegar dit. Det var også meir enn éin veg til rett svar på oppgåve 1689, og no ligg eg langflat av di eg trudde at Martin Buber ikkje var austerrikar, men israelar. Han var båe, så sjølvsagt har eg stempla svara med Buber som godkjende. Slik lyt det vere.
Det var filosofen Otto Weininger eg håpa at lesarane skulle finne fram til. Ikkje minst fordi eg streva mykje med Weininger i studietida, men òg fordi han påverka så mange med hovudverket Geschlecht und Charakter. Med boka fekk Otto Weininger innverknad på mellom anna: Knut Hamsun, Ludwig Wittgenstein, August Strindberg, Gottfried Benn, Ernst Jünger, Robert Musil, Karl Kraus, Franz Kafka, Hulda Garborg og, ikkje minst, Edvard Munch. Det seiest at Munch i mange år hadde boka til Weininger liggjande på nattbordet, med ein pistol som bokmerke.
Fleire innsendarar sleit med fødselsdatoen til løysingsforfattaren. Det er ikkje så merkeleg, ettersom ulike kjelder, og til og med Isaac Bashevis Singer sjølv, har oppgjeve motstridande datoar. Singer brukte ofte 14. juli 1904 som sin offisielle fødselsdato, men mange forskarar meiner at han faktisk var fødd tidlegare. Éin teori er at Singer ville gjere seg yngre, for å unngå å bli kalla inn til den polske hæren. Det er vel òg tvilsamt om vesle Isaac hadde full kontroll på kalenderen som nyfødd.
Så til Geirr Wiggen som skriv: «Tekstutdraget i Klok på bok 1698 er det nobelprisvinnaren i litteratur i 1978, Isaac Bashevis Singer (1904–1991), som har skrive. Det året han vart fødd, var det franskmannen Frédéric Mistral og spanjolen José Echegaray y Eizaguirre som delte nobelprisen. Tekstutdraget er frå ei av dei sju samlingane av forteljingar som denne jiddisk-språklege forfattaren utgav, som skildrar det jiddiske miljøet i Polen som Singer vaks opp i før han emigrerte til USA i 1935. I originalutgåva er ho sjølve tittelforteljinga (A friend of Kafka, and Other Stories, London: Cape 1970). I den norske utgåva av slike forteljingar som kom ut i Gyldendals novelleserie i 1976 under tittelen Den usette. Fortellinger (omsett av Erik Gunnes og med utval og forord ved Gordon Hølmebakk til minne om Max Tau), står ho som den fjortande av seksten forteljingar i første delen av boka (’En venn av Kafka’, s. 169–178). Det er ein tidlegare skodespelar ved det jiddisk-språklege teateret i Warszawa, Jacques (eig. Jankel) Kohn, som fortel om ei oppleving med Kafka i unge år og om eiga handlingslamming i (potensielt) erotiske møte med ulike kvinner. Den handlingslamminga blir sett i samanheng med plagsamt overdriven intellektualisering, og tekstutdraget i Klok på bok høyrer heime i den samanhengen. Sjølvsagt vil Medikus Libri at vi skal nemne ein filosof frå Austerrike som blir nemnd i denne forteljinga. Dei to som blir nemnde på s. 175 under samtaler om kjønnslivet, Nietzsche og Schopenhauer, er det ikkje, for dei var tyske. Men Otto Weininger (1880–1903), som blir nemnd s. 174, var både fødd og døydde i Wien. Han er det Medikus Libri er ute etter.»
Anne Berit Skaarer skriv: «Forfatter denne uka er Isaac B. Singer. Han fikk nobelprisen i 1978. Jeg fikk fornøyelsen av å høre ham da han var på besøk i Norge, det var stas! Novellen er ’En venn av Kafka’ og den østerrikske filosofen er Otto Weininger. Jeg tror Singer er en nobelprisvinner som virkelig ble lest den gang, nå er han kanskje gått litt i glemmeboken. Fint å trekke han fram igjen!»’
På oppgåve 1689 var desse vener med boklækjaren: Signar Myrvang, Eli Winjum, Jorunn Øxnevad Lie, Ole G. Evensen, Paul Henrik Hage, Skeisebibliotekaren i LASK, Tiril Bonnevie, Vigdis Hegna Myrvang, John Dag Hutchison, Inger Anne Hammervoll, Geirr Wiggen, Ragnhild Eggen, Laurits Killingbergtrø, Per Trygve Karstensen, Lise Haaland, Gunder Runde, Gunnar Sanderud, Snaustrinda Bokleitarlag, Ingebjørg Sogge, Marit Knappskog, Folke Kjelleberg, Gunnar Bæra, Inger Merete, Kirsti og Grete, Jan Erik Røed, Ole Husby, Nils Farstad, Sissel Gunnarshaug, Kjell Helge Moe, Reidar Birkeland, Anne Berit Skaarer, Leif Dybing, Inger Margrethe Berge, Guro og Åmund, Tine Dahl, Audun Gjengedal, Marta Kløve Juuhl, Reidar M. Bringedal, Sjur Joakim Fretheim, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sigrun Gjengedal Ruud, Viggo Østebø, Eirik Holten, Olav Holten og Robert Øfsti. Denne gongen er sjølvaste Inger Anne Hammervoll bokvinnar. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.