Klok på bok

Ole og Knut

Publisert Sist oppdatert

Velkommen til gards og til ein ny sesong for undring her i det gåtefulle. Det vert ikkje dei heilt store endringane på konseptet i 2026. Om det ikkje er øydelagt, ikkje reparer det, som folk som reparerer, plar seie.

Før me skal sjå på svara me skulle fram til på Hamsun-kvissen, vil eg trekkje fram ein interessant artikkel eg las i mellomjula. Det er journalisten Fredrik Kalstveit som i Aftenposten har skrive: «En nordnorsk fiskersønn med lesevansker ble en av USAs mest bejublede immigrantforfattere. Historien om forfatteren Ole E. Rølvaag.»

Skulle eg påstå at eg på førehand kjende til Rølvaag, måtte eg ta lygekrossen i bruk. Men takka vere den velskrivne artikkelen til Kalstveit vart eg mykje klokare på denne karen som drog frå Dønna til Amerika i 1896. Etter fullført lesing vart eg nyfiken på om det fanst ein raud tråd frå Ole Edvart Rølvaag til Knut Hamsun. Og det gjorde det.

Det viser seg at Rølvaag såg på Hamsun som sin store læremeister. Han var djupt inspirert av Hamsuns psykologiske skildringar og evna til å greie ut om menneskets indre liv. Rølvaags roman Længselens baat er tydeleg inspirert av Sult, og i storverket I de dage finn me mange fellestrekk med Markens Grøde.

Knut Hamsun og Ole Edvart Rølvaag kjende ikkje kvarandre personleg, men då Ole Edvart sende I de dage til Nørholm, fekk han denne responsen frå Store-Knut: «Takk for boken. Det er et mesterverk.»

Klok-redaksjonen har gjennomskoda at det var mange som laga lag på oppgåve 1704. Det finst det ingen reglar imot, tvert om, me synest det er triveleg at oppgåveløysarane samlast om Kviss med Knut i julehøgtida.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement