Snart er det stortingsval, og det skal nok vere ein lesar eller to som er nyfiken på kva parti boklækjaren kjem til å røyste på i år. Eg kan lette litt på sløret og seie at i år kjem eg til å røyste på partiet eg røysta på sist det var stortingsval. Så veit du det.
Denne gongen var ikkje Gunder Runde overvettes begeistra for løysingsverket. Han skriv: «Dette var litt av ei nøtt! Eg fann ut at forfattaren må ha vore fødd anten i 1923 eller 1925, og at han truleg var ein kjend forfattar, sidan boka vart utgitt på norsk berre eitt år etter originalen. Men dermed vart det slutt – ingen av dei vanlegvis aktuelle vegane til løysing gav resultat. Og tekstutdraget i Klok på bok var så allment at heller ikkje det gav meg noko å byggje på. Dermed avslutta eg leitinga. Men så var det dette med undermedvitet då – eg meiner at eg ein gong fann ei løysing gjennom å gå inn på Wikipedia på andre språk. Og som tenkt så gjort – etter eit par netters tenkepause starta eg med den svenske utgåva, utan resultat. Men derimot fann eg eit forfattarnamn i dansk Wikipedia/litteraturåret 1957 som kanskje kunne passe – ein for meg ukjend forfattar med namnet Tage Skou-Hansen. Eg slår opp i mi danske boksoge (frå 1972), og finn ut at denne karen var fødd i 1925, og at han i 1957 gav ut romanen De nøgne træer. Men han får berre 7 linjer i denne litteraturhistoria, så min teori om ein kjend forfattar passar i alle fall ikkje inn. Eg omset tittelen til De nakne trær og slår opp på heimesida til Nasjonalbiblioteket, og der finn eg boka, og likeeins sitatet på side 95. Så dermed er det berre å gå i gang med skumlesinga, ikkje før på s. 170 finn eg setninga ’spille helt og leke Hemingway’. Berre eitt mysterium gjenstår: kvar i all verda har boklækjaren funne fram til denne (temmeleg ukjende, og ikkje spesielt glitrande) forfattaren? Antikvariat/loppemarknad? Eller ei nedstøva bokhylle på hytta til tante Agathe?»
Som ein roper i skogen, får ein svar, vyrde Gunder Runde. Du spør kvar eg har funne fram til denne ikkje spesielt glitrande forfattaren. Eg vil byrje med å seie at eg utover å vere leiar i Boklækjarlauget, også er medlem av den internasjonale foreininga Boklækjarar utan grenser (BUK). Under førre møtet i BUK kom ein dansk representant over til meg og sa: «Hør nu her, Medikus Libri, det siges at du ikke har læst De nøgne træer. Det kan du simpelthen ikke være bekendt!» Eg tok ho på ordet og las boka. Eg vart ikkje vonbroten.
Journalisten Nils Gunder Hansen skreiv i Kristeligt Dagblad (23.11.2019): «Der er næppe nogen roman, jeg har læst grundigere end Tage Skou-Hansens De nøgne træer.» Så heldt han fram: «Den er fantastisk fortalt, sanset og enhver situation er indføjet efter naturbeskrivelser i en årstid og dets vejrforhold.»
Då Berlingske Tidende i 1999 skulle kåre «Århundredets danske bog», kom De nøgne træer på tiande plass, etter m.a. Karen Blixen, Tom Kristensen og Inger Christensen, men føre Henrik Nordbrandt, Tove Ditlevsen og Solvej Balle. Mellom alle prisane forfattaren fekk, kan me ta med: Kritikerprisen, Det Danske Akademis pris, Statens kunstfonds livsvarige ydelse, Gyldendal-prisen, De gyldne laurbær og Blicher-prisen. At romanen De nøgne træer av Tage Skou-Hansen reknast som ein klassikar i dansk litteratursoge, er ei kjensgjerning.
John Dag Hutchison skriv: «En bok som ikke finnes hos bokhandlerne og bare i få eksemplarer i noen få biblioteker rundt om i landet. Strevsom lesing på nettet var imidlertid absolutt verdt det.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.