Klok på bok
Noko på hjartet
Førre fredag mottok me ei undring om antikken frå trufaste Laurits Killingbergtrø. Boklækjaren er ikkje profesjonell på papyrus, difor oppmoda eg Kirsten Ribu til å seie noko om saka. Ho tok utfordringa på strak arm og skriv: «Jeg ble i Klok-spalten sist spurt om jeg kanskje vet noe om hvordan de greske teaterstykkene ble skrevet, overført og bevart. Medea av Evripides og andre kjente stykker som Ødipus Rex av Sofokles og Agamemnon av Aiskhylos er jo over 2500 år gamle. Det var et interessant spørsmål jeg måtte grave litt i! Jeg hadde en formening om at siden stykkene var svært populære i antikken, ville de bli kopiert og bevart, og det stemmer. De ble kopiert for hånd på papyrus og bevart i bysantinske biblioteker. Skriftene ble senere oversatt til latin, hovedsakelig av romerske dramatikere som tilpasset dem til sitt eget publikum. Senere ble disse igjen kopiert av skrivere i klostre i middelalderen. De latinske oversettelsene av greske verk var viktige for utbredelsen av gresk-romersk kultur og litteratur i Romerriket.»
Så skal me sjå på løysingsverket me skulle fram til denne gongen. Reidar M. Bringedal skriv: «Han far, vestlandsk småbrukar mellom anna, hadde sine favorittar blant dyra og eit bær ute i naturen. Fjordingen som han sjølv ol opp blant dyra, og sjølvsagt moltebæret ute på dei bortgøymde myrane. Ingen visste når han gjekk til fjells etter molter, aldri sa han noko om kvar han fann desse flotte og velsmakande bæra som var målet for turen. Dei første skritt og sjølve vegen til målet var løynd for alle oss andre. Mitt mål no er å finna dei første skritta på vegen til Klok på bok 1691. Kanskje skulle eg løyna dei for ikkje å øydeleggja gleda for andre. Men for nett denne oppgåva kan eg visa mine to første skritt: nikka samtidig og smilte slik ein gjer. Mitt forslag til løysing er forfattaren Carl Frode Tiller si bok som kom ut i 2024, altså Arbeidarhjerte. Tilleggsspørsmålet kan svarast med tante Hildur som flytter heim att etter å ha budd nesten heile livet i Sarpsborg. Då eg tok til å lesa, fekk eg vissa for at dette er ein utifrå god forteljar. Det var vanskeleg å leggja boka frå seg, så det vart seine lesekveldar. Boka viser korleis Noreg og nordmenn har endra seg gjennom dei siste 50 åra, kva vi eventuelt har vunne og kva vi har tapt, alt dette har eg levd midt oppi. Tiller sjølv fortel i eit intervju at boka ikkje er nokon sjølvbiografi, men at han har brukt langt meir frå eige liv i denne boka enn han har gjort i tidlegare bøker. Karakteren Trond er ei forvilla sjel. Han verken kjenner eller forstår seg sjølv. Han er makteslaus i høve til alle hendingar som minnet hans strevar med. For å få litt oversikt startar han å skriva ned hendingar han kjem i hug. I sum viser desse eit gneistregn av misnøye og ei mengd konfliktar der ironi, mistru og tverkeskap blanda med humor gjer dette til ei svært leseverdig bok.»
Gunnar Bæra skriv: «Oppgåveboka står i 430 norske bibliotek, ofte i fleire eksemplar. Deichman i Oslo har til dømes 75 eksemplar – og alle er lånte ut! Folk les nynorsk dersom forteljinga er god nok.»
John Erik Bertelsen skriv: «Julegåveønsket mitt i fjor var nett denne boka. Og eg vart ikkje skuffa.»
Med handa på hjartet kan eg melde at desse presterte godt arbeid på oppgåve 1691: Eli Winjum, Signar Myrvang, Vigdis Hegna Myrvang, Ragnhild Eggen, Arnfrid Vågslid Skjæveland, Ole G. Evensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Paul Henrik Hage, Inger Merete, Kirsti og Grete, Inger Anne Hammervoll, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, Arve Kjøstvedt, John Erik Bertelsen, Eli Hegna, Nils Farstad, Reidar Birkeland, John Dag Hutchison, Gunnar Sanderud, Gunder Runde, Olav Holten, Bjarne Strøm, Jan Ekrene, Rune Nilsen, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Eirik Holten, Per Trygve Karstensen, Else Gjesdahl Sørensen, Ole Husby, Cathrine Bore, Brita Lundeland, Kjell Helge Moe, Jan Petter Skrede, Lise Haaland, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Laurits Killingbergtrø, Viggo Østebø, Anne-Marthe, Norli Ålesund Storsenter og Harald Gjørtz, Sissel Gunnarshaug, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Gunnar Bæra, Tine Dahl, Guro og Åmund, Leif Dybing, Kirsten Ribu, Cathrine Tumanjan Mortensen, Inger Margrethe Berge, Reidar M. Bringedal, Olaug Denstadli, Tore Heggem, Thana Rongen, Kristine Fluge og Robert Øfsti. Denne veka heiter bokvinnaren Kjell Helge Moe. Gratulerer!
Klok på bok 1693
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.