Klok på bok
Nattleg song frå Chile
No og då kan det vere freistande å snakke rett frå levra, men ofte gjer me ikkje det. Me held litt att, tenkjer oss om ein ekstra gong før me seier noko uhøveleg som gjer at me plutseleg står med salat til knehasane.
Ein småpussig observasjon er at folk som slit med levra, støtt og stadig vil snakke frå ho. Kan hende har dette noko med konsum å gjere, men her i bokstova vil me ikkje trekkje forhasta konklusjonar. I staden vil me sleppe til løysingsforfattaren denne veka. Han skal ha sagt: «Om eg skulle seie kva eg eigentleg trur og meiner, ville eg vorte arrestert eller innesperra på eit sinnssjukehus. Kom igjen, eg er sikker på at det ville vore det same for alle.»
Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen skriv: «Klok på bok har overskrifta ’Punktum finale’ no sist, samstundes med at Roberto Bolaño er vekas forfattar. Roberto let også punktuma vente på seg, ja, kanskje burde han innlemmast i banden som Medikus har trekt fram som punktumskye forfattarar, sjølv om han ikkje fekk nobelprisen, men no har Roberto oppnådd noko så sjeldan som å vere løysinga i Klok på bok to gonger, sidan han har levert inn 2666 til kloksamlinga før. Chilensk nokturne er ei fornøyeleg bok om den trøysteslause tida i Chile under Pinochet. Vi som av og til stikk innom ein katedral, vil alltid minnast hovudpersonen, pateren, som har fått stipend for å undersøkje korleis kyrkjebygg vert tekne vare på i Europa, og som skal rapportere om dette heim til Chile. Konklusjonen er klar: Duene må avlivast! Enkelte prestar hamnar i eit skikkeleg dilemma fordi duene også er Guds skapningar, og i tillegg blir Den heilage ande ofte visualisert som ei due. Pablo Neruda er den noble i forteljinga, og vi har vore innom dei tre heimane hans i Chile. Der var det plass både til koner og elskarinner og tallause samleobjekt presist danderte rundt i dei mange romma. Kan tilrådast!»
Laurits Killingbergtrø skriv: «Takk for ny bokgåte, Medikus. Eg vakna av at avisa daska ned på dørmatta (og inntil døra) klokka halv seks. Da var eg på alerten, og med utgangspunkt i dei åra som Medikus nemner om nobelprisvinnarar, kom eg til at forfattaren måtte vere Roberto Bolaño, og boka måtte da vere den med tittelen Chilensk nokturne. Eg som ikkje har så mange bøker i huset som min omtenksame Klok-felage Gunder, laut hyre på meg og gå til næraste Deichman (berre eit kvarter å gå). Der var det stengt enno, men eg hadde den såkalla Oslo-nøkkelen som eg kunne låse meg inn med. Berre å trykkje på ’Åpne’. Og boka eg gissa på, stod i hylla, med sitatet på ’rett’ plass. Heime gav eg meg til å lese boka med særleg ans etter ein nobelprisvinnar i teksten. Pablo Neruda er nemnd fleire gonger, så eg satsar på han.»
Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Denne gangen skal vi til en chilensk forfatter som var ukjent for to av oss. Den tredje hadde flere av bøkene hans tilgjengelig i bokhylla, blant annet hans to allmenne: 2666 og Ville detektiver. Boka sitatet er hentet fra, er Chilensk nokturne. Forfatteren av de nevnte verkene er Roberto Bolaño, født i 1953. Han var en svært produktiv forfatter, men livet hans ble kort. Forfatterskapet hans rommer hele 13 romaner og mange noveller, men han betegnet seg selv konsekvent som poet, kan vi lese.»
På oppgåve 1696 skulle me heilt til vestkysten av Sør-Amerika for å finne løysinga. Dit var det desse som kom: Eli Winjum, Signar Myrvang, Ingerid Skarstein, Vigdis Hegna Myrvang, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Ingebjørg Sogge, Paul Henrik Hage, Laurits Killingbergtrø, Roar Øvrebust, John Dag Hutchison, Lise Haaland, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Gunnar Sanderud, Kristine Fluge, Tiril Bonnevie, Inger Merete, Kirsti og Grete, Folke Kjelleberg, Rune Nilsen, Jorunn Øxnevad Lie, Ole G. Evensen, Nils Farstad, Audun Gjengedal, Leif Dybing, Reidar Birkeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Bæra, Gunnar Eide, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Ole Husby, Kjell Helge Moe, Marit Skytterholm, Per Trygve Karstensen, Guro og Åmund, Else Gjesdahl Sørensen, Viggo Østebø og Robert Øfsti. I dag er Marit Skytterholm bokvinnar. Gratulerer!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.