Klok på bok

Logisk ornitologisk

Publisert

Her i bokstova har me ein grunnlaus mistanke om at mange av lesarane har ei djup interesse for ornitologi. Av omhug for folk med ekstatisk begeistring for virveldyr med fjør, to bein og venger, skal me leike oss fram til ein fugl i dag. Er det ein kolibri, eller er det ei kongeørn me ettersøkjer?

Fyrste hintet er at me ikkje vil kalle fuglen lubben, for å vere høflege vil me heller seie at han har ein kompakt kroppsbygnad. Hint nummer to er at fuglen vil dykka ned og gå rundt på botnen av tilværet, ofte mot straumen. Til sist tek me med at fuglen gjerne gjentek seg sjølv når han seier noko. No er det hint nok, no vil me ha eit svar.

Fossekallen var sjølvsagt fuglen me skulle fram til. Fossekallen var også løysinga på oppgåve 1681.

Reidar M. Bringedal skriv: «Denne vesle boka på rundt 70 sider fann eg passande lang for eit første møte med Fosse. Mi utgåve kom ut på Samlaget som forteljing i 2007. Boktittelen Andvake skal vera eit ord med gamalnorske røter, omsett til svevnlaus, kanskje eg likar betre Aasen sitt funn om ordet, med tyding som ’lenge vakande’. Den kvinnelege hovudpersonen er Alida. Mor hennar hevdar at ho er farlaus, men sjølv minnest Alida far sin Aslak i korte glimt, at han song for henne då ho var lita, og at far hennar hadde musikk i stemma si. Gjennom heile boka er det tydeleg at Fosse har godhug for spelemennene og musikken deira. Andvake er ei stillferdig bok, med enkelt språk, men med undertonar som gjer ho intens i dette at livet har gleder og gode stunder midt i alt det håplause og vonde som merkjer desse to unge. Kjernen i det heile er ein bauta som ikkje let seg rikka eller øydeleggja: kjærleiken. Forteljinga om desse unge verjelause med det store motet er nådelaus, vakker og lysande.»

Kristin Samdal skriv: «Eg les alltid Klok på bok, men har, merkeleg nok, aldri brukt tid på å leita i bokhyller og nobelprislister for å løysa oppgåva. Så dukka vår eigen nobelprisvinnar Fosse opp, med den nydelege scena der ungjenta Alida treffer felespelande Asle, og dei svevar i lag, og det blir dei mot verda, i kjærleik og uhygge, på godt og vondt. Som lærar på vidaregåande har eg fått dela Andvake med sekstenåringar, som fyrst får eit ublidt møte med lange setningar og hopp i tid og rom. Kva er sant? Kva er draum? ’Eg forstår ingenting!’. Men så grev me oss inn i forteljinga, dei blir kjende med Alida og Asle, dei møter kjærleiken, og mysteriet. Og uttrykket i ansiktet når dei oppdagar det dramatiske som ligg skjult, ja, det unner eg alle å oppleva! Forteljinga sjarmerer, forvirrar, overraskar og gir frysningar på ryggen, men ho finn også klangbotn i mangt eit ungdomssinn. Ja, også blant oss med litt fleire vintrar, og bøker, bak oss.»

Desse ornitologane hadde stort fugleflogvit i oppgåve 1681: Paul Henrik Hage, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Nils Farstad, Brith Stensen, Per Trygve Karstensen, Inger Anne Hammervoll, Laurits Killingbergtrø, Jorunn Øxnevad Lie, Ragnhild Eggen, Anstein Bleikli, Ingvar Engen, Ole Husby, Ole G. Evensen, Gunder Runde, Egil Nestande, John Dag Hutchison, Audun Gjengedal, Liv Furu Grønningsæter, Jens Erik Romslo, Tore Tomren, Magnhild Reisæter, Elin Orvall Kirksæther, Erik Aamlid, Hildegunn Ulla, Ingeborg Helvik, Jan Ekrene, Anja Tveitan, Viggo Østebø, Tom Hetland, Eli Hegna, Else Gjesdahl Sørensen, Olaug Denstadli, Signar Myrvang, Olav B.Larsen, Irene og Tore på Tranby, Lise Haaland, Thana Rongen, Olav Holten, Gunnar Sanderud, Cathrine Tumanjan Mortensen, Gunnar Bæra, Folke Kjelleberg, Eirik Holten, Helge Flæte, Halldis Bjørkum, Kjell Helge Moe, Geir Instanes, Inger Klevstrand, Harald Gjørtz, Tine Dahl, Håkon Kvamme, Anne Berit Skaarer, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sissel Gunnarshaug, Ingerid Skarstein, Sigrun Gjengedal Ruud, Gunnar Eide, Brita Lundeland, Reidar Birkeland, Jan Petter Skrede, Inger Margrethe Berge, Marta Kløve Juuhl, Cathrine Bore, Inger Merete, Kirsti og Grete, Nina Korbu, Leif Dybing, Tore Heggem, Jorunn Kleppe, Solrun Haukedalen, Tore Skjæveland, Reidar M. Bringedal, Robert Øfsti, Bent Arne Sæther, Kristin Samdal og Unni Underdal. Bokvinnaren denne veka heiter Nina Korbu. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement