Klok på bok

Lev leverer

Som ein sørvis for folk som sjeldan sjekkar kalenderen, kan Klok på bok-redaksjonen opplyse om at det er kvitsunnhelga me no går inn i. Av erfaring veit me at det er kjedeleg når kvitsunn kjem som julekvelden på kjerringa, difor denne informasjonen.

At det kan vere vanskeleg å vete når det er kvitsunn, kjem av at ho er anarkist. Det eine året fell fyrste kvitsunndag på 10. mai, eit anna år kjem kvitsunn kan hende 13. juni. Eit slikt sprik kan vere forvirrande, men gløym no ikkje at i val av vekedagar er kvitsunn meir standhaftig enn jolaftan. Alle i bokstova ynskjer alle lesarane ei kosteleg kvitsunn.

Olaug Denstadli skriv: «Ei bok utgitt i 1886, på originalspråket, og no nyleg utgitt i nynorsk språkdrakt? Ja vel, tenkte eg, da må det vere snakk om ei bok frå forlaget Skald. ’Den beste skald sidan Snorre’, som ein bokmeldar har sagt. Gjennom vår kjære nynorske bokring har eg blitt kjent med den vakre klassikarserien til Skald. Så eg søkte på Skald, og fann, som eg trudde, Leo (Lev) Tolstojs Då Ivan Iljitsj døydde. Og alt stemte, Tolstoj døydde i 1910 (same år som Bjørnson), og dette året gjekk Nobelprisen i litteratur til tyske Paul Heyse. Heldigvis fann eg boka på leseappen min. Dei siste orda på dødsleiet er: ’Døden er slutt, sa han til seg sjølv. Han er ikkje meir.’ (I og med at dette er noko han kanskje seier inni seg, så er det mogleg at Medikus tenkjer på det han seier høgt før den to timar lange dødskampen: ’Slik heng det altså saman! sa han plutseleg høgt. – For ei glede!’) Reknar med at Medikus gjer greie for desse to alternativa i løysingsnummeret av Dag og Tid.»

Egil Nestande skriv: «Eit sitat frå ei bok på nynorsk, omsett frå eit anna språk, fekk meg til å tenke på Skald forlag sin klassikarserie. I serien finn eg fleire bøker som handlar om død, for eksempel Thomas Manns Døden i Venezia, William Faulkners Framom døden og Lev Tolstojs Då Ivan Iljitsj døydde. Utgjevingsår 1886 på originalspråket passar korkje med Thomas Mann eller William Faulkner. Begge er fødde for seint til å kunne ha gjeve ut ei bok i 1886. Eg gjekk derfor vidare med Lev Tolstoj: Då Ivan Iljitsj døydde. Tolstoj døydde i 1910, og det året gjekk Nobelprisen i litteratur til den tyske forfattaren Paul Johann Ludwig von Heyse. Langnovella Då Ivan Iljitsj døydde er omsett av Geir Pollen til framifrå, moderne nynorsk. På dødsleiet er Ivan Iljitsj plaga av både lekamlege og sjelelege lidingar når han reflekterer over det overflatiske livet han har levd, og over den meiningslause døden berre 45 år gammal. Handlinga i boka reflekterer sannsynlegvis noko av Tolstojs eiga åndelege krise og peikar mot det han meinte var viktig for alle: å leve eit moralsk og ekte liv. Om dei siste orda til Ivan Iljitsj finst det fleire versjonar. Geir Pollen har denne: ’Døden er slutt’, ’Han er ikkje meir’.»

Jan Petter Skrede skriv: «Godt val av bok og sitat!»

Denne gongen fekk alle innsendarane som leita fram Lev og boka om Ivan Iljitsj, svara sine godkjende. Tilleggsspørsmålet var litt uklårt, dessutan finst boka i fleire ulike omsetjingar til norsk, og folk som ikkje fekk tak i Skald-utgåva, vert ikkje forfordelte av boklækjaren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement