Klok på bok

Leit etter let

Publisert Sist oppdatert

For å setje kulør på slutninga av november månad vil me i dag sjå nærmare på eit ord som ikkje er hyppig i bruk på TikTok. Ordet er let, og me har ein kvalifisert mistanke om at ordet har mista litt glans og farge dei siste mange åra.

Då boklækjaren voks opp, rakkarungane mine meiner det var om lag samstundes med at dinosaurane døydde ut, var ordet «let» ein naturleg del av daglegtalen. Om eg til dømes gjekk ut til dei andre borna for å få hjelp til å finne ein vott eg hadde mista, var det fyrste dei spurde etter: «Ke hainn e på let?» Hadde ein rota bort noko, var det naudsynt med ei skildring av leten på det ein skulle leite etter.

Også oppgåveløysarane denne veka var på leit etter let. Gunder Runde skriv: «Tolugt mod er godt at hava, skreiv han sjølvaste Ivar i si tid. Det gjeld framleis, i alle fall for oss som kjenner på at helga er vekkasta om du ikkje har klart denne vekas Klok på bok. Eg hadde ei kjensle av at eg hadde lese episoden om den havarerte bilen, men kunne ikkje hugse kva for ei bok dette står i! Då var det berre ein ting å gjere: finne ut kva for bøker frå 2024 eg har lese. Utsilinga starta: ut med nynorskforfattarane og (under tvil) dei kvinnelege forfattarane. Då var lista redusert til berre 6 namn. To av desse forfattarane var fødde før 1962, og to er fødde i år som ikkje hadde svenske vinnarar av Nordisk råds litteraturpris. Og dermed var det berre to namn å velje i, nemleg Johan Harstad og Karl Ove Knausgård (fødd 1968, Per Olof Sundman). Boka er Arendal, og eg repeterte episoden om bilhavariet, på ein oransje Ascona. Eg har følgt med Knausgaard heilt sidan debuten med Ute av verden i 1998, og plasserte han blant ’dei store’ då han gav ut bok nr. 2 (En tid for alt), følgde han trufast gjennom dei seks banda om Min kamp, hoppa rettnok over essaysamlingane, men las med stor glede dei fire bøkene om årstidene, like eins (kanskje med litt mindre glede) dei fem Morgenstjerne-bøkene, og så har eg sjette band (Jeg var lenge død), (jf. Olav H. Hauges dikt) ståande på vent inntil vidare. Ein strålande forfattar, sjølv om det stundom kan vere ’ein kamp’ å kome igjennom bøker av ei slik lengde! Litt flau er eg nok når eg ikkje greidde å plassere bilhavari-episoden! Men eg har gjort mitt beste for å reklamere for bøkene hans blant vener og kjenningar, lånte nyleg bort bind 1 av Min kamp, noko som førte til at låntakaren fluksens tinga band 2 på bokhandelen og la framtidsplanar om å lese alle seks!»

Olav Holten skriv: «Det er godt å ha gått i skule hjå ho mor. Me vart hjernevaska med nynorske uttrykk som skulle koma i staden for bokmålet. Det var vøla i staden for reparera. Berre eitt ord tillate på -else: spøkelse. Berre eitt ord som starta på be-: betala. Ho mor hadde ei venninne som hadde komi opp i dei ’gråe hår’. Men ein dag dukka ho opp med kolsvart hår. Då datt det ut av ho mor: ’Å, Olga, bruka du let?’ Då forstod eg – eller skjøna, skulle det helst heita: at ho hadde farga håret. Det gjorde at eg forstod oppgåva òg. Leten på bilen er oransje.»

Cathrine Tumanjan Mortensen skriv: «Det er en glede å lese Knausgårds bøker. Også denne gang.»

På oppgåve 1699 var det desse klokingane som leita fram rett let: John Olav Johnsen, Eli Winjum, Signar Myrvang, Ole G. Evensen, Ingebjørg Sogge, Skeisebibliotekaren i LASK, Paul Henrik Hage, Inger Anne Hammervoll, Astrid Mølster, Vigdis Hegna Myrvang, Elin Lind, Jan Ekrene, Viggo Østebø, Ole Husby, Ragnhild Eggen, Erik Aamlid, Gunnar Sanderud, Per Trygve Karstensen, Anne Therese Øien Dahle, Laurits Killingbergtrø, Gro Østgaard, Gunder Runde, Nils Farstad, John Dag Hutchison, Lars Hatlehol, Christine og Per Arne Løvold, Eli Hegna, Anne Sofie Aarflot, Folke Kjelleberg, Lise Haaland, Olav Holten, Else Gjesdahl Sørensen, Kjellfrid Laugaland, Cathrine Tumanjan Mortensen, Rune Nilsen, Sigrun Gjengedal Ruud, Åke Jünge, Harald Brynjulfsen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Thana Rongen, Anne-Marthe, Norli Ålesund storsenter og Harald Gjørtz, Gunnar Eide, Inger Margrethe Berge, Kjell Helge Moe, Marit Holte Bøe, Leif Dybing, Sissel Gunnarshaug, Audun Gjengedal, Arve Kjøstvedt, Eirik Holten, Magnhild Reisæter, Olav B. Larsen, Bjarne Strøm, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnar Bæra, Åmund Bækken Blakar, Tiril Bonnevie, Robert Øfsti, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Irene og Tore på Tranby og Cathrine Bore. Bokvinnaren denne gongen heiter Thana Rongen. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement