Klok på bok

Kvitsunn med konjakk

Publisert Sist oppdatert

Det var kvitsunn over land og by då Klok-redaksjonen fekk eit mistenkeleg svar på oppgåve 1678 i innboksen her i bokstova. Seint om natta skreiv Sukidem Irbil: «Takk for ei særs interessant og velskriven spalte! Løysinga lyt vere Olga, Marita Fossum og boka Forestill deg. Fossum fekk Drageprisen for boka. Takk for ei særs interessant og velskriven spalte!»

Det var ikkje nødvendig å kontakte Hercule Poirot for å danne seg eit bilete av situasjonen og dimed ha ei aning om kven som hadde skrive dette svaret. Mindre overtydd vart me ikkje då boklækjaren melde seg sjuk dei fyrste dagane etter kvitsunn. Då Medikus dukka opp på kontoret, framleis sjaber, var det til fylgjande respons frå resten av redaksjonen:

1: Det er ikkje nok å skrive namnet ditt baklengs, om du vil sende inn inkognito svar til kollegaane her i bokstova.

2: Det er ikkje naudsynt å rose di eiga spalte to gonger med dei samme orda.

3: Det heiter Brageprisen, ikkje Drageprisen.

4: Du kjem ikkje med i trekninga av ein bokpremie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement