Klok på bok
Krypskyttarlag
Her i bokstova er me ikkje overvettes ville med våpen. Me lèt oss ikkje lett imponere av reiskapar som blir brukte i strid eller på jakt. No kunne det tilsynelatande vore ei sjølvmotseiing å nemne machomannen Ernest Hemingway, men det gjer me av di Klok-redaksjonen siktar seg inn på folk som er treffsikre med ord. Dessutan nytta tøffingen tittelen Farvel til våpnene på ei av dei beste bøkene sine.
Veit du forresten kor Hemingway henta denne tittelen frå? Straks veit du det: Tittelen på romanen er stolen frå ein sonett av poeten George Peel (ca. 1558–1597) og var tileigna dronning Elisabet. Nok ein gong vart du litt klokare av å lese spalta her.
Eit lite tips på tampen: Om du vil vere skyttar, men ikkje vil bere våpen, kan du sørgje for å vere fødd mellom 23. november og 21. desember. Eg finn vegen ut sjølv.
No til Reidar M. Bringedal som skriv: «Forfattaren vi skal fram til denne gongen, er ny for meg. Vi skal fram til Ingrid Storholmen, som i 2001 gav oss diktsamlinga Krypskyttarloven. Eg fekk hakeslepp då eg fann diktet om slaktaren, grisen og småjenta. Det er eit krast oppgjer med ei mor. Fleire gonger var eg som fem–seks-åring til stades ved just slike handlingar. Som forfattaren seier: ’Mellom skotmaskerøyken og eimen frå varm grisebust kjendes lukta av redsle.’ Det er lenge sidan det presise i eit dikt har ført til så mange tankar omkring opplevingar frå barndomen som dette.»
Gunnar Bæra skriv: «Forfattaren Ingrid Storholmen er fødd i 1976 og debuterte med diktsamlinga Krypskyttarloven i 2001. Ho har seinare gjeve ut åtte bøker og hausta ei rekkje prisar. Dikta i debutboka nemner så vidt eg kan sjå 18 dyr, fleire av dei nemnde to gonger og i rekkefylgje: gris, elg, hest, lam, hund, kalv, ku, rev, svane, fugl, rådyr, hare, gaupe, sau, jerv, rype, okse og korp.»
Ingerid Skarstein skriv: «Dette var ei fin diktsamling som eg ikkje har lese før.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.