Klok på bok
Knut er på tråden
Det kom mange nye lesarar og innsendarar forbi spalta her i løpet av året som snart er slutt. Ikkje minst sørgde Amalie Skram for at me forstod at det finst ein større lesarflokk enn me frykta.
Kan hende er det ikkje alle nye lesarar som kjenner til konseptet, eller tradisjonen, med Kviss med Knut Hamsun til jul. I dag får du ti gåter om forfattarskapen til Store-Knut, og me vil ha rett løysing på minst åtte av dei før me godkjenner svaret. Tanken er at det skal vere litt meir å bryne seg på i julehøgtida.
Om du har løyst alle oppgåvene i år, mange av dei, ei eller ingen, skal du vete at boklækjaren har skrive ut resept til alle som les dette. At resepten er på gløgg, seier seg vel sjølv. Alle i Klok-redaksjonen ynskjer alle lesarane ei fredfylt høgtid og eit best mogleg 2026.
Gunder Runde skriv: «Når eg går igjennom oversikta mi over nobelpristakarar i litteratur, tel eg heile åtte spanskskrivande (aktuelle) forfattarar! Det vert i meste laget å saumfare alle desse. Så eg startar med ein halvhjarta sjekk av Litteraturåret 2021 og 2022, utan resultat... Då må eg prøve ein annan utveg – det rann meg i hugen å freiste med Laurits-metoden, det vil seie søkjemotoren Oria.no. Eg skriv inn i søkjefeltet 2021+essay+litteratur, og allereie på plass nr. 3 i lista som kjem fram, finn eg ein (hittil ukjend) forfattar som vart fødd i 1956 (det vil seie då Juan Ramon Jimenez fekk nobelprisen). Og essaysamlinga finn eg forsyne meg på BookBites! Svaret på dagens Klok på bok er altså Søren Ulrik Thomsen: Store Kongensgade 23. Eg set meg i lesestol nr. 2 (med fager kveldsol over Ulsteinvik i ryggen) og startar lesinga. Ei fin oppleving, særleg sette eg pris på første delen av essayet, der Thomsen engstar seg over framtidige alderdomsproblem. Ikkje heilt ukjende tankar for oss som er komne til livskvelden. Eg fann også fram til to norske forfattarar under lesinga, nemleg Knut Hamsun (!) og Lars Saabye Christensen. Thomsen debuterte med diktsamlinga City slang i 1981, og er både lyrikar og essayist. Så fann eg altså fram til løysinga denne helga også, i tillegg til ei ny lesaroppleving.»
Inger Merete, Kirsti og Grete skriv: «Da den lille boka kom på norsk i 2022, mente Jan Kjærstad det var den beste boka han hadde lest det året. Vi uvitende må nok lese oss opp på Thomsen! Vi lærer jommen mye av å løse Klok på bok, blant annet har vi lest oss fram til at ukas forfatter regnes som en av Danmarks beste. Og vi synes en av bøkene hans har en spesielt flott tittel: En dans på gloser.»
Eli Hegna skriv: «Takk for et nytt bekjentskap denne uka – en liten perle av en bok.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.