Julesalme og fedrelandssong
Presten og salmediktaren Magnus Brostrup Landstad (1802–1880).
Foto: Carl Simonsen / NTB
Diktarpresten Magnus Brostrup Landstad (1802–1880) har sett spor i norsk kultursoge med to ruvande verk, Norske folkeviser (1853) og det fyrste nasjonale salmeverket, autorisert i 1869. Landstads Kirkesalmebog avløyste danske salmebøker, fyrst og fremst Kingos. I 1985 tok Norsk salmebok over etter Landstads reviderte frå 1924. I 2013 kom ein revidert versjon av salmeboka frå 1985. Med dei to siste kom det inn svært mykje nytt stoff.
Landstad gjendikta frå grannespråk og framande språk og dikta 55 originale salmar. 14 av desse og 30 gjendiktingar lever framleis i Norsk salmebok frå 2013. Mellom desse er julesongen «Fra Fjord og Fjære».
Landstad må ha fått grunnleggjande inntrykk av natur og folk i Noreg då han i 1811, ni år gamal, flytte frå Øksnes i Vesterålen til Vinje i Telemark, der far hans vart prest. Den lange, dramatiske og slitsame ferda gjekk over sjø og land. Dei fór «Fra Fjord og Fjære, Fra Fjeld og dyben Dal». Slik opnar julesongen som kom til 45 år seinare. Den er på éin gong julesalme og fedrelandssong.
Som i fedrelandssongar er natur og menneske fanga inn i vide omgrep. Og julebodskapen er sett inn i eit norsk vinterlandskap. I samtida vart salmeboka kritisert for mange folkelege vendingar, som når det heitest at folk samlar seg frå kvar Gaard og Grend for å feire jul.
Land og folk vert ekkorom for englesongen på Betlehemsmarka som no skal «gjenlyde». Frå kyrkjetårna skal «Fryds Basuner» klinge. Slik er triumfen til slutt i strofe 1 førebudd: «Vi var forlorne,/ nu er vi frelst af Nød.»
Englesongen fører tankane til gjetarane som vandra til barnet i krubba den fyrste julekvelden, slik at vi som syng, kjem inn på vegen til Betlehem i vårt eige indre. Når kyrkjelyden tek juleevangeliet inn over seg, slår dei i tankane fylgje med gjetarane. Slik kan kvar og ein djupt i sinnet oppleva Guds-barnets Naadeskin. Ordet nåde kjem fyrste gong i strofe 4.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.