Tidtrøyte

Hint for hint



  

Publisert Sist oppdatert

Kva skulptur?

5 POENG: Denne skulpturen er inspirert av ei hending i 1909, der Ellen Price var det sentrale namnet. Hovudet vart kappa av i både 1964 og 1998.

4 POENG: Den 1,25 meter høge bronseskulpturen er frå 1913. Hendinga var ei ballettoppsetjing. Ellen Price briljerte i tittelrolla.

3 POENG: Bryggjaren Carl Jacobsen såg balletten og hyra Edvard Eriksen til å lage statuen.

2 POENG: Kona Eline Eriksen sat nakenmodell, etter at Price takka nei. Sistnemnde bidrog likevel med andletet. Statuen er på ein stein i vasskanten på Langelinie.

1 POENG: Me er i København. Statuen og balletten er inspirert av H.C. Andersen-eventyret med same namn.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement