Kva musikal?
5 POENG: Dette er heimlandets første vinnar av Tony-prisen for beste musikal. Han kom først ut som plateinnspeling. Det var i 1976, to år før scenepremieren.
4 POENG: Han er av britane Andrew Lloyd Webber og Tim Rice. Den nyaste norske oppsetjinga går no om dagen på Oslo Nye Teater.
3 POENG: Ein av songane er «On This Night of a Thousand Stars». I tittelrolla har me sett til dømes Elaine Paige (scenepremieren), Madonna (filmen frå 1996) og Mia Gundersen.
2 POENG: To andre viktige roller er Juan Perón og Che.
1 POENG: Heidi Gjermundsen Broch på Det Norske Teatret song «Gråt ikkje meir, Argentina».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.