Quiz

Hint for hint veke 51–52

Publisert

Kva fornamn?

5 POENG: Over 5000 norske kvinner heiter dette, alle stavemåtar rekna med. Eit utanlandsk døme er den danske skulptøren som var gift med Carl Nielsen. Eit anna er austerrikske Moser-Pröll, som dominerte alpinsporten i 1970-åra.

4 POENG: Det er eit dobbeltnamn. Ein skodespelar er truleg den mest kjende norske beraren i dag. Me lyt òg nemne motstandskvinna Breien, designaren Ødegaard og jazzmusikaren Giørtz.

3 POENG: Den yngste søstera til Margrethe 2. av Danmark vart gresk dronning. Det første fornamnet er det mest talrike i Noreg.

2 POENG: Skodespelaren er Ottersen, fødd i 1945.

1 POENG: Det andre fornamnet er Marie.

Allereie abonnent?
Prøv Dag og Tid digitalt
49 kr fyrste månad
Deretter 199 kr/månad. Ingen binding.
Lydavis
Nettartiklar
Digital utgåve
Arkiv
Spel