5 POENG: Noreg har ikkje denne ordninga. Klyngja med flest land som har ho, er tolv afrikanske land, frå Kenya i nord til Sør-Afrika i sør.
4 POENG: India er det mest folkerike landet med ordninga, Australia det største. I Noreg har me den motsette ordninga, stadfesta i ei lov frå 1824.
3 POENG: I Europa finn me ho berre i Storbritannia, Irland, Malta og Kypros. Sverige bytte i 1967, Island i 1968.
2 POENG: Å vere norsk sjåfør i til dømes London kan kjennast uvant og skummelt.
1 POENG: På engelsk vert ho forkorta til LHT, left-hand traffic.