Tidtrøyte
Hint for hint veke 20
Kva liten stad?
5 POENG: Denne norske staden er så liten at han ikkje er definert som tettstad. Svaret inngår i namnet på den mest kjende bygningen her. Adressa er Strandebarmsvegen 153.
4 POENG: Bygningen er eit tidlegare bedehus. I dag er han vigd til ein person fødd i 1959.
3 POENG: Staden er del av soknet Strandebarm i Kvam herad. Namnet er på fem bokstavar.
2 POENG: Den aktuelle personen er herifrå og har staden som etternamn. Han har vore internasjonalt kjend lenge, men særleg etter at han fekk ein pris i 2023.
1 POENG: Biletet over er herifrå. Svaret visest delvis på stadnamnskiltet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.