Quiz

Hint for hint 3. mai

Publisert Sist oppdatert

Kva yrkestittel?

5 POENG: Dei som nyttar eit pensejern, har fort denne yrkestittelen. Den mest kjende norske utøvaren er fiktiv og høyrer til i ei bok frå 1955. Årsløna er på rundt 500.000 kroner.

4 POENG: Ein har kunna utøve yrket her til lands sidan 1894. Det er turnusarbeid, og utdanninga er om lag tre månader. Dødsfallet til Antoni Gaudí er relevant.

3 POENG: Yrket er mykje stillesitjande. Mange byter mellom to arbeidsrom, eitt i kvar ende. I Oslo er kjennefargen blå.

2 POENG: Pensejern vert nytta til å veksle spor manuelt.

1 POENG: Bokkarakteren frå 1955 er Syversen i Kardemomme by.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement