Tidtrøyte

Hekate

Publisert

Om antikkens Hellas er gresk for deg, er det bitte litt hjelp å hente i spalta du les no. Når me i dag skal ein snartur innom gresk mytologi, vil det overraske Klok-redaksjonen om det ikkje skal finnast ein lesar, moglegvis to, som har hòl når det kjem til gudar og gudinner der.

Det er gudinna Hekate me skal gå etter i saumane denne gongen. Diktaren og slektsforskaren Hesiod (omkring 700 fvt.) hevda at ho var dotter av titanen Perses og nymfa Asteria. I folks omdøme var Hekate øvste gudinna som herska over magi og trolldom, men ho hadde også rykte på seg for å vere flink til å følgje med på kva som var i gjerde. Dei hadde jo ikkje overvakingskamera i antikken, men det løyste dei ved å setje opp søyler som representerte Hekate i vegkryss og andre plassar med fare for uhumske forhold. Ved desse søylene vart ho ofte framstilt som om at ho var følgd av flokkar med sinte hundar, noko som sikkert skulle skremme folk som var ved ein krossveg, men kan hende òg for at Hekate skulle ha selskap der ho stod og passa på.

Så til Laurits Killingbergtrø, som skriv: «Denne gongen kom ikkje Dag og Tid på matta klokka fem om morgonen, slik det elles er, men ei heilt framand avis. Da måtte eg kle på meg meir sømeleg og vandre opp og ned trappane til eg fann avisa mi og fekk byte ho, så eigaren (og eg) fekk den rette. Det må vere god naboskap lell. Med litt nettjuks fann eg fram til boka, som var skodespelet Medeia av Evripides. Noko bibliotek trong eg ikkje gå til, for boka kan lesast på nettet. Dette skriv eg så kjekt, men kva for middel hadde Evripides og dei andre diktarane i antikken til både å føre diktverka ’i pennen’ og få dei sikra for komande generasjonar, medrekna meg og Medikus? Det er så aldeles imponerande. I vårt land er vi glade og stolte over at vi trass alt har fått overlevert norrøne skrifter som kom fem hundre år seinare. Kan ikkje nokon som kan meir om antikken, forklare dette? Men eg fann den høgvyrde gudinna; ho heiter Hekate og er nemnd på side 34.»

Boklækjaren har ikkje eit fyllestgjerande svar på det særs interessante spørsmålet Killingbergtrø stiller, men ein kombinasjon av kontinuerleg kopiering (skriftleg tradisjon) og munnlege overleveringar (oral tradisjon) kan vel delvis vere ei forklaring.

Kanskje kan Kirsten Ribu, som har vore ihuga lesar av gresk mytologi sidan barndommen, komme opp med eit svar til Laurits? Denne veka skriv ho: «Siden vi skulle langt tilbake i tid og det var snakk om en gudinne og en kvinnelig hovedperson i skuespillet, var min første tanke at dette er gresk mytologi og en gresk tragedie. Nynorsk utgivelse fra 1926 ga treff på Medeia i Matias Skard sin oversettelse. Skuespillet til Evripides er fra 431 f.Kr. og er basert på myten om Medeia og Jason – helten med det gylne skinn. Jeg fant 1926-utgaven i Nasjonalbiblioteket, og ganske rett, der står sitatet på side 39. Historien er om trollkvinnen Medeias hevn etter at hennes mann Jason forlot henne for en annen kvinne. Sentrale temaer er hat, hevn og giftdrap. Medeia dreper Jasons nye hustru og knivstikker barna hun har med Jason, for å straffe ham. I skuespillet sverger Medeia ved Hekate, som hun høyakter mest av alle guder: ’Ved deg eg ærar høgst, ved deg som hjelper meg, ja ved Hekate, gydja inst ved åren min!’ Dette var en inspirerende oppgave!»

Gunder Runde skriv: «For mange år sidan hadde eg den store gleda å oppleve Henny Moan som Medeia i ei teateroppføring i Oslo – eg trur det er den sterkaste teateroppleving eg har hatt nokon gong. Utruleg å sjå at dette framleis er levande litteratur, 2500 år seinare!»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement