Klok på bok

Heimhug

Publisert Sist oppdatert

Førre veka tok eg ein spansk ein og pådrog meg solstikk i Syden. Ein skal ikkje kimse av gleda over å komme heim til vinter når ein har hatt heteslag.

Borte bra, men heime best, seier folk som gjev seg ut for å vete kor ein helst skal vere. Det er ikkje overraskande at Knut Hamsun hadde ei meining også om dette. I boka Knut Hamsun som han var (1956) siterer sonen Tore Hamsun far sin: «Mennesket skal ikke være alle Steder fra, Mennesket skal være hjemmefra. Og det skal være hjemme.» At han sjølv var ein farande fant, stod ikkje i vegen for at Store-Knut kunne postulere at det var best å vere bufast.

Gunder Runde er nok heime i Ulsteinvik når han skriv: «Det tynnest ut blant våre gode forfattarar, Ingvar Ambjørnsen, Dag Solstad, Roy Jacobsen, Henning Hagerup og så altså Liv Køltzow (1945–2025) døydde alle i 2025. Køltzow høyrde til blant forfattarane som var knytte til tidsskriftet Profil, og var vel heile livet opptatt av dei ideane som Profil-krinsen representerte. Ho er rekna blant dei aller fremste feministiske forfattarane i Noreg, spesielt oppteken av kvinna som undertrykt, og som slit med å frigjere seg frå tradisjonane. Ho debuterte i 1970 med novellesamlinga Øyet i treet, og slo igjennom med romanen Hvem bestemmer over Bjørg og Unni? (1972). Seinare kom det mange romanar, men ho kom vel litt i bakgrunnen i forhold til dei meir utovervende (mannlege) medlemene i Profil-rørsla. Men ho har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris i fleire omgangar, og har vore svært viktig som såkalla ’kvinneforfattar’. Ho vart dessverre råka av Parkinsons sjukdom, og i 2015 kom boka Melding til alle reisende, der ho skriv om sine vanskar i samband med denne sjukdomen. For meg er Køltzow først og fremst knytt til den strålande biografien om (den unge) Amalie Skram. I 2004 kom boka Noveller i samling, som inneheld noveller frå samlingane mellom 1970 og 1989, i tillegg til sju ikkje tidlegare utgjevne noveller. Utdraget i Klok på bok er avslutninga av novella ’En forandring’, og neste novelle i boka har tittelen ’Snø’ (som altså er svaret på dagens Klok på bok-gåte).»

Eli Hegna skriv: «Etter Liv Køltzows død tidligere i høst har jeg vært temmelig sikker på at hun snart ville dukke opp i Klok på bok-spalten. Mine antagelser slo til denne uka! Liv Køltzow ble en av våre ledende feministiske forfattere med et stort skjønnlitterært forfatterskap bak seg. Dramatikk og en biografi Amalie Skrams unge år utgjør også deler av hennes litterære virke. Apropos biografien om Skram har flere av mine venner i Bergen antydet at Køltzow i dette verket ikke lyktes med å beskrive bergensk regnvær korrekt. Nedbøren i novellen ’Snø’ fra Noveller i samling kom hun nok heldigere ut med.»

Olaug Denstadli skriv: «Så skulle eg møte Liv Køltzow igjen etter mange år! Hugsar særleg frå 70-talet at vi las Hvem bestemmer over Bjørg og Unni? med stor interesse. Seinare kom det fleire gode bøker av henne. At ho var ein skatta novellist, trur eg ikkje eg har fått med meg – før no. Klok på bok er ein artig leik, så takk for den!»

Med liv og sjel kjempa desse klokingane seg fram til rett svar på oppgåve 1698: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Jorunn Øxnevad Lie, Ingebjørg Sogge, Amund Grimstad, Skeisebibliotekaren i LASK, Paul Henrik Hage, Kjell Brøndbo, Gunnar Sanderud, Kathrine Valle, Ellen Lian, Ragnhild Eggen, Inger Anne Hammervoll, Helge Flæte, Viggo Østebø, Gunder Runde, John Dag Hutchison, Paul Kjetel Soldal Lillemoen, Wenche Marit Berger, Vigdis Hegna Myrvang, Cathrine Tumanjan Mortensen, Lise Haaland, Brita Lundeland, Thana Rongen, Kjell Håve, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Reidar Birkeland, Eirik Holten, Anne Berit Skaarer, Audun Gjengedal, Olav Holten, Jan Petter Skrede, Erik Aamlid, Folke Kjelleberg, Kirsten Bakke, Guro og Åmund, Kristine Fluge, Rune Nilsen, Else Gjesdahl Sørensen, Ole Husby, Sissel Gunnarshaug, Arve Kjøstvedt, Kjell Helge Moe, Per Trygve Karstensen, Irene og Tore på Tranby, Gunnar Eide, Olaug Denstadli, Anne Dagrun Husabø, Cathrine Bore, Bjørn Myrvang, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Inger Margrethe Berge, Ole G. Evensen, Bent Arne Sæther, Sigrun Gjengedal Ruud, Tiril Bonnevie, Jan Erik Røed, Marta Kløve Juuhl, Inger Merete, Kirsti og Grete, Leif Dybing og Robert Øfsti. Denne gongen er Kirsten Bakke bokvinnar. Gratulerer!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement