Klok på bok

Fortent skamros!

Her i bokstova har me som prinsipp at me berre presenterer litteratur av høg kvalitet i spalta du les no. Utover det gåtefulle får du kvalitetssikra lesetips kvar veke her hos oss ­– kva er det å ikkje like med det?

I litteraturverda, som elles i livet, er det likevel slik at noko er betre enn noko anna. Denne veka er løysingsverket ein ekstraordinær debutroman som fortener bravo, jubel, heider og hurra! Det er vanskeleg å skrive Klok-spalta når ein ikkje kan få armane ned. Eg kjem rett og slett ikkje i hug at eg har lese ein betre debutroman enn Snart er eg natt av Elin Eika Bringa. Og eg har lese nokre bøker.

Heftig og begeistra var det berre ein ting å gjere: Eg kontakta ho Elin og bad om eit lite intervju. Her kjem resultatet: ML: I ei bokmelding i Dag og Tid kalla kollega Hilde Vesaas språket ditt for «botnsolid». Eg er samd i karakteristikken og tenkjer at lesarane nok vil vete litt meir om forholdet ditt til nynorsk som skriftspråk. Har du alltid skrive nynorsk, og har du tankar om aspekt ved nynorsken som gjer han så veleigna i skjønnlitteraturen?

EEB: Eg vaks opp i Bø, med obligatorisk nynorskundervisning på barneskulen, men hadde fullt av raude strekar. Difor starta eg nok med eit ambivalent forhold til nynorsk. Samstundes snakkar eg bøheringdialekt, så det å skrive «eg» og «ikkje» fell meg naturleg. Eg bytte bort nynorsken til fordel for bokmål på ungdomsskulen, og fann ikkje tilbake til nynorsk igjen før eg flytte tilbake til Telemark etter seks år med jobb og studium i Oslo. Da fekk eg jobb i ein nynorskkommune, og såleis vart eg tvinga tilbake til nynorsk som skriftform. Det skulle vise seg å vere eit gledeleg gjensyn. Det var då eg byrja å skrive dikt på nynorsk. Eg kjenner meg heime i nynorsken. Det er som om det dirrar nokre blåtonar der, og gjer det – for meg – til eit melankolsk og poetisk målføre. Det er også litt kvast i kantane. Det passar meg bra.

ML: Ein stad las eg at Jón Kalman Stefánsson er favorittforfattaren din. Om du skulle trekkje fram nokre kvinnelege forfattarar du set høgt, kven ville så det vere?

EEB: Av kvinnelege forfattarar har eg stor sans for: Vigdis Hjorth, Agnes Ravatn, Victoria Kielland og Ingvild Rishøi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement