Det er ei kjensgjerning at det finst meir enn éin Einar i verdssoga. Eit lite utplukk her heimanfrå kunne byrje med Einar Tambarskjelve, han med: «For veik, for veik er kongens boge!», du veit.
Boklækjaren ville vel vore eit skarn om eg ikkje tok med Einar Gerhardsen. Skal ein påstå at «landsfaderen» ikkje sette sitt preg på Noreg, lyt lygekrossen vere på plass.
Heller ikkje Einar Førde kjem me utanom. Han var eit oppkomme av sitatvenlege utsegner, nokre meir perfide enn andre. Eit døme kunne vere då Thorbjørn Berntsen i 1988 gav ut sjølvbiografien Klar tale! Fra dokk til ting. Responsen frå Førde var: «Thorbjørn Berntsen er ein av dei få personane eg kjenner som har skrive fleire bøker enn han har lese.»
Før innsendarane får ordet om ein Einar frå Island, tek me med at på tilleggsspørsmålet denne gongen skulle me fram til filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel. Han skal ha sagt at det ville vere tåpeleg å tru at ein kan gjere ein hund spirituell ved å la hunden ete bøker. På dette punktet er alle i Klok-redaksjonen samde med Hegel.
Gunder Runde skriv: «Også denne veka fekk eg bruk for mitt store lager av Årets bøker, denne gongen for året 1995. Og med Litteraturåret 1995 på Wikipedia i tillegg kom eg fram til tre aktuelle forfattarar: to islendingar og ein britisk/japansk. Grei eliminasjon, eg stod att med ein forfattar som eg har hatt mykje glede av, nemleg Einar Már Gudmundsson (f. 1954 – Hemingway). Og boka står i islandskhylla mi, det er Universets engler (Englar allsheimins), omsett av trufaste Tone Myklebost (som eg gjekk på islandskkurs saman med ein gong, då var ho tenåring og på veg til lsland, der faren nyleg var tilsett som norsk ambassadør). Utdraget i Klok på bok denne gongen gir hint om ein psykiatrisk institusjon, og det er altså sinnssjukehuset Kleppur, der mykje av handlinga i romanen går føre seg. Gudmundsson debuterte med to (!) diktsamlingar i 1980, men er nok best kjend som romanforfattar, med ei rad perler frå 1982 (Ridderne av den runde trapp) og utover, dei fleste omsette til norsk. For Universets engler fekk han Nordisk råds litteraturpris. Ei tragisk soge, som forfattaren krydrar med humoristiske, til dels surrealistiske, innslag. Etter mi meining er Island det landet i Norden som har gitt oss dei beste romanane dei siste 50 åra, det er heilt uforståeleg at ikkje fleire islandske forfattarar har fått Nordisk råds litteraturpris (berre tre islandske vinnarar etter 2005). Korleis går det an å hoppe over til dømes Jón Kalman Stefánsson, Bergsveinn Birgisson og Hallgrímur Helgason? Filosofen som er nemnd i Klok på bok, er Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770–1831), og sitatet er ’Stakkars virkelighet, så vondt den må ha det’, sagt som svar til ein kritikar som meinte at teoriane til Hegel ikkje stemde med røynda!»
Bent Arne Sæther skriv: «Ei både humoristisk og djupt tragisk bok, som jeg må gå tilbake til og lese nøyere.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.