No for tida er det ikkje så mange som heiter Arthur her i Noreg. Tal frå Statistisk sentralbyrå seier at det i dag er 1745 personar med dette som førenamn, og at i all hovudsak er desse menn. Stordomstida til namnet Arthur var frå 1891 til 1923, deretter gjekk populariteten langsamt ned, før namnet nådde botnen med null nyfødde som vart heitande Arthur i 1973.
Boklækjaren hadde ein bestefar som heitte Arthur, og om han går det framleis gjetord i heimbygda. Bestefar arbeidde som smed for eit gruveselskap nord i landet, og ei røvarhistorie frå røynda går slik: Etter fleire konfliktar mellom leiinga og gutane på golvet, kom det ein ny sjef til gruvebygda. For å gjere eit godt førsteinntrykk ville den nye leiaren helse på alle dei tilsette, og det vart ordna slik at gruvearbeidarane skulle stå på rekkje og motta eit handtrykk frå han som hadde overteke sjefskontoret. Mot slutten av seansen var det Arthur sin tur, men bestefar nekta å strekkje ut handa for å helse. I staden sa han: «Du blir vel akkurat same hæstkuken som di som ha vøre her før deg!»
Ei slik språkføring var nok ikkje naturleg for ein anna Arthur som òg har sette spor etter seg. Arthur Berg (1916–1998) var redaktør i den kristne avisa Dagen det meste av tida frå 1955 til 1985. Sjølv om Arthur var frå Brunlanes i Vestfold, vart han nynorskbrukar, og han praktiserte nynorsk både munnleg og skriftleg.
Utan å samanlikne redaktør Berg med don Quijote kan me vel fastslå at han neppe valde sine kampsaker med omhug. Nokre døme kunne vere kampen mot kvinnelege prestar, motstanden mot at kvinner skulle gå i bukser med gylf, og forbodet mot å bruke ordet kondom på prent i Dagen. Sjølv om han slost mot vindmøller, skal det også seiest at han som redaktør sørgde for at alle partar i ei sak skulle få kome til orde i avisa. I dei tilgjengelege kjeldene finst det ikkje informasjon som tyder på at Arthur Berg var ein epletjuv.
Harald Gjørtz skriv: «Ukas sitat skapte gjenklang i hodet mitt. Denne setninga hadde jeg lest før. Men hvor? Hint om årstall var til liten hjelp. Men så, ved en tilfeldighet, fikk jeg øye på Vindens skygge i bokhylla hjemme – kunne det være den? Men nei, årstallene var feil. Men så begynte assosiasjonene å komme i sving. Var det ikke en annen roman som også hadde boktema. Etter litt tankearbeid datt det inn: Boktyven. Årstall ble henta fram, og det ble lys i tunnelen. Zusak, forfatteren var født i 75, et av aktuelle årstall. Men den boka var ikke hylla. Det var den imidlertid hos Anne-Marthe på Norli. Men på engelsk. I nærheten av side 50 fant vi snøballkasting og var på rett vei. Arthur Berg var karen som flytta til Køln.»
Olav Holten skriv: «Arthur Berg var i si tid ein frykta kristenfundamentalist og redaktør for riksavisa Dagen i Bergen. No er han opphøgd eller degradert (stryk det som ikkje passar) til å vera epletjuv i Köln i boka Boktyven av Marhus Zusak.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.