Klok på bok

Alta



  

Publisert Sist oppdatert

Det er ein ambisiøs tittel på løysingsverket denne veka. Judith Hermann nøyer seg ikkje med småprat og pludder om laust og fast, heller ikkje med å ymte eller hinte om dette og hint. Nei, ho Judith vil ha med det heile, om me tek boktittelen Vi skulle fortalt hverandre alt bokstaveleg. Men det gjer me ikkje.

Boklækjaren kjenner ikkje Judith Hermann personleg. Så vidt eg veit, har me aldri møtst. Men eg kjenner ein forfattar som ser raude trådar uansett kor han snur seg. 

Og om eg tilfeldigvis skulle tatt opp dette med Judith Hermann og hennar noko lemfeldige bruk av omgrepet “alt”, ville me ha hamna i Finnmark fylke før eg fekk sukk for meg. Resonnementet ville ha vore at i bunden form fleirtal seier me “alta” om alt. 

Utan ei nærare utgreiing om «nordlysbyen» trur eg me stoppar her.

Så heller over til Gunder Runde, som skriv: «Tre aktuelle sovjetrussiske nobelprisvinnarar, i 1958, 1965 og 1970. Nettsidene for ’litteraturåret’ + årstal gir ingen peikepinn for noko av desse åra, så då må me finne ein annan inngangsport. Eg tenkte å prøve Laurits-metoden, dvs. via hjartebarnet hans, Oria.no. Prøvde først med kombinasjonen 2023 + 2023 + roman – totalt mislukka (ei røys med bøker om romersk kunst og arkitektur på engelsk). Her krevst det sterk innsnevring! Finlesing av sitatet i Kpb gir visse minningar om sjølvbiografi, så dermed supplerte eg søket med ’selvbiografi’. Og det første som då kom fram, var boka Vi skulle fortalt hverandre alt av den tyske forfattaren Judith Hermann (fødd 1970). Og til overmål er denne boka tilgjengeleg på BookBites! Med mine evner i faget skumlesing tok det ikkje lang tid før eg fann både sitatet frå D&T og den svenske forfattaren Lars Gustafsson. Takk til Laurits og til Oria.no! Judith Hermann vart fødd i Vest-Berlin. Ho studerte tysk og filosofi før ho gjekk over til journalistikken. Debut med ei samling forteljingar i 1998, som vart møtt med stor begeistring hos tyske lesarar. Etter kvart kom det fleire novellesamlingar, så ein roman: All kjærlighets begynnelse (2014, norsk 2015). Endå ein roman (Der hjemme) og ei samling med forteljingar, før ho kom med romanen som er dagens bok. Eg må (med ein snev av skam) vedgå at eg ikkje har lese noko verken av eller om Hermann før i dag. Men det er aldri (eller i alle fall sjeldan) for seint å rette opp feila frå i går!»

Guro og Åmund skriv: «Fram til i går hadde vi aldri høyrt om Judith Hermann, Lars Gustafsson eller Vi skulle fortalt hverandre alt. Men det var ikkje fordi vi ikkje hadde prøvd. Vi googla og saumfor lister over forfattarar født i sovjetiske nobelprisvinnararår og bøker frå 2023. På eit tidspunkt var vi overtydde om at det var Lucinda Riley si bok frå 2023 som var svaret, men akk. Heldigvis hadde NRK med Vi skulle fortalt hverandre alt på lista over årets bøker frå 2023, og takka vere rask hjelp på biblioteket fann vi raskt fram til sitatet på s. 57 i nemnde bok, som det er klart vi må legge til på leselista.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement