Spørsmål 17 (utsnitt av målarstykket).
Foto via Wikipedia
0–6 rette: Kor mange skruar sat laust i dag, tru? Betre lukke neste veke!
7–9 rette: Flott innsats, sjølv om eit og anna glepp når det skrur seg til.
10–15 rette: Applaus! Du skrur stadig ballen i mål.
16–20 rette: Utvilsamt godt skrudd saman og i framifrå gjenge!
21 rette: Oss skruar imellom – gratulerer! Quizmeisteren gler seg til å få e-post.

1. Eit stort land er i strid med seg sjølv. Det er hæren, leia av Abdel Fattah al-Burhan, mot RSF, leia av ein general med kallenamnet Hemetti. Kva land?
2. Kornmo er lyn me kan sjå utan å høyre kva lyd?
3. Inngangen til Anne Franks skjulestad var gøymd bak kva slags gjenstand?
4. Kva av desse er eit faktisk omgrep i optometri: ettersyn, gangsyn eller trongsyn?
5. Metallica, Slayer, Megadeth og Anthrax vert omtalt som dei fire store innan kva rask og aggressiv undersjanger av heavy metal?
6. Kva svenske (1926–2018) er kjend som mannen bak Ikea?
7. Innan NRKs Rima Iraki kom til Noreg som femåring, kunne ho tysk, engelsk og kva for eit anna språk?
8. Me skal til Paulus’ første brev til korintarane, kapittel 13. Kven eller kva vert omtala som mellom anna «tolmodig» og «velvillig» og «søkjer ikkje sitt eige»?
9. I 2020 vart kommunane Svelvik og Nedre Eiker innlemma i kva annan kommune?
10. Kva, som ein kan oppfatte som støytande, har vore eit vanleg norsk fellesomgrep for dei mange og ulike urfolka i Amerika unntatt dei arktiske? Ordet handlar om kvar Kristoffer Columbus trudde han hadde kome.
11. Kva plantefamilie høyrer poteten til?
12. I songen «Eg heiter Anne Knutsdotter», kven er Kari for tittelfiguren?
13. Etter at Magnus Carlsen abdiserte, har me i 2023 fått den 17. verdsmeisteren i langsjakk. Kva heiter kinesaren som vann over russiske Jan Nepomnjasjtsjij?
14. Det amerikanske selskapet Kimberly-Clark eig eit varemerke for papirlommetørkle som òg startar på K. Kva merke?
15. Kva norsk romantittel frå 1963 refererer til ein frosen foss der hovudpersonen Unn døyr?
16. Kva heiter verdas største korallrev, utanfor austkysten av Australia?
17. Denne franske målaren var ein av dei mest originale kunstnarane på 1600-talet. Han vart fødd i 1593 og er kjend for poetiske nattescener med stearinlys, gjerne med religiøs tematikk. Eit anna bilete er «Spåkona», som heng på The Met i New York. Kva er namnet hans?
18. Kva er den norske nemninga for co-driver i rally, den som føraren samarbeider med i bilen?
19. Kva grense er det border i hunderasenamnet border collie viser til? Rasen kjem frå desse traktene.
20. Cecilie Thoresen var kvinnesakspioner og den første kvinnelege studenten i Noreg. Det sistnemnde vart ho som 24-åring. Kva var året, med 2 som siste siffer?
21. Kva heiter den mykje omtala chatboten som OpenAI lanserte i 2022? Etter fleire varselrop har selskapet no valt å setje utviklinga på pause.
Svar på spørsmåla:
1. Sudan
2. Tore
3. Ei bokhylle (Me godtek hylle.)
4. Gangsyn (Dette er god nok synsevne til å kunne orientere seg i rommet.)
5. Thrash metal
6. Ingvar Kamprad
7. Arabisk
8. Kjærleiken
9. Drammen kommune
10. Indianarar
11. Søtvierfamilien
12. Mor hennar
13. Ding Liren
14. Kleenex
15. Is-slottet (av Tarjei Vesaas)
16. Great Barrier Reef
17. Georges de La Tour
18. Kartlesar
19. Grensa mellom England og Skottland
20. 1882
21. ChatGPT
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.