🎧 Gull i pommes frites?
Eg har begynt å sjå dårleg og skvatt fælt då eg såg denne stammen lyse mot meg der eg kom joggande à la Therese Johaug. Er du ikkje einig i at han liknar litt på Jakob Ingebrigtsen?
Lytt til artikkelen:
Enkelte av dei som ikkje orka kave for å prøve å bli verdsmeister i spurt eller kulekasting og stønning i Qatar tidlegare i oktober, har heller reist til Toronto i Canada, der det er VM i eting av poutine denne helga (laurdag 19. oktober klokka 15.00.) Her kan ein vinne opp mot 5000 dollar, alt etter plassering, og ein blir mett på kjøpet. Alt ein treng gjere, i nokre få minutt, er å opne kjeften og stappe i seg poutine, som er pommes frites med ost og saus.
Kven liker ikkje pommes frites med ost og saus?
Verdsrekorden er nærmare 12 kilo på 10 minutt, sett av Joey Chestnut* frå USA.
Overkommeleg, spør du meg. Derfor har eg gjort som Gjert Ingebrigtsen: No trenar eg ungane mine, hardt, men ikkje utan kjærleik, med pommes frites morgon og kveld, kvar dag. Dei trivst toleleg, berre dei får ketsjup på, og ikkje brun saus, i helgene.
Vinn dei gull, sølv og bronse om eit år, skal dei få brød og jogurt og havregryn igjen.
* Joey Chestnut er verdsmeister i mangslags eting: eplepai, boysenbærpai (6,6 kilo på 8 minutt), reke, rekecocktail (rundt 9 kilo på 8 minutt), pølse med brød (74 på 10 minutt), hardkokt egg (141 på 8 minutt), fritert asparges (nesten 6 kilo på 10 minutt), hamburgar (103 – dei må vere små – på 8 minutt), heil kalkun (4,2 kilo på 10 minutt) og mykje, mykje meir, men ikkje pinnekjøt.
Chestnut har heller ikkje verdsrekorden i møsbrømlefseeting, for den har eg.
Apropos gatemat
Høyrde du eit frykteleg hyl sist onsdag klokka 06.55, var det berre eg som var ein tur i Oslo. Eg gjekk gjennom Studenterlunden, forbi fontenedammen som eigentleg heiter Hjortedammen, etter Arne Vigelands hjortar som står og ser ut på livet frå ei lita øy, men som alle kallar Spikersuppa, fordi parkanlegget blei gitt til Oslo kommune av Christiania Spikerverk, og nok om det. Det var mørkt og stille, og eg stansa og såg på vatnet som lyste kvitt av det eg først trudde var is, utruleg nok, sidan det var åtte plussgrader, og som viste seg å vere skum – kanskje Lano?
Nei, det var ikkje dette som fekk meg til å skrike. Hylet folk høyrde heilt oppi Aurlandsvangen, kom som ein konsekvens av at ein katt luska forbi føtene på meg.
– Pus, sa eg, idet eg såg at dyret som kika opp og lurte på om det var han eg snakka til, var ei rotte.
Og bak det eg vil tru var mannen i forholdet, kom kona og fire ungar, storvaksne, dei òg.
No er det visst rundt 100.000 rotter i Oslo, og eit rottepar og ungane deira kan bli til 1000 nye rotter på eit år. Derfor hadde eg ikkje beina mange metrane før eg såg ei rotte til. Likevel valde eg å konkludere med at dei ikkje var rotter, men små menneske som hadde kledd seg ut, no når folk feirar halloween i vekevis, og vasa rundt og leita etter gatemat.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Skodespelarane Joseph Engel (Bastien) og Sara Montpetit (Chloé) i regidebuten til Charlotte Le Bon.
Foto: Cinemateket
Søte sommarskrømt
Falcon Lake er ein ven og var knalldebut frå Quebec.
Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.
Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB
Den raude streken i Rafah
Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.
Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».
Foto: Ida Lødemel Tvedt
Krossveg i den georgiske draumen
TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.
Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).
Foto: Terje Pedersen / NTB
Kva er alternativet til EØS-medlemskap?
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»