Musikk

Syrgjeleg merkeår

Daniel Beilschmidt fantaserer fram historiske klangar i Leipzigs gjenreiste universitetskyrkje.

CD

Guillaume de Marchaut, Johannes Buchner m.fl.:

Fortuna desperata

Daniel Beilschmidt, orgel; Christine Mothes, sopran; Veit Heller, klokker. Genuin 2018

For innbyggjarane i den tyske kulturbyen Leipzig er det i år 50 år sidan det hende, det som skulle bli eitt av dei såraste minna frå etterkrigstida: 30. mai 1968 klokka 09.58 blei den ærverdige universitetskyrkja Paulinerkirche sprengd – på kort varsel. Dette skjedde etter personleg ordre frå Walter Ulbricht (1893–1973), den allmektige leiaren for sentralkomiteen i DDRs kommunistparti, han som sju år tidlegare hadde reist Berlinmuren. Kvifor måtte ho vika? Det var bestemt at det nye hovudbygget til Karl Marx-universitetet skulle liggja nett her. Der fasaden til kyrkja hadde vore, blei det festa eit abnormt bronserelieff av Karl Marx. At eit kommunistisk mønsteruniversitet skulle ha si eiga kyrkje, kunne ikkje tolast.

Musikkhistorisk viktig

Arkitekturhistorisk var sprenginga eit tap ikkje berre for leipzigarane, men for heile Tyskland. 1200-talskyrkja, som på 1500-talet blei vigsla som evangelisk universitetskyrkje av sjølve Martin Luther og mirakuløst nok overlevde bombinga under andre verdskrigen, var ei av dei best bevarte seingotiske kyrkjene i heile Tyskland. Men òg musikkhistorisk var ho viktig. For her hadde musikkdirektøren i byen, Johann Sebastian Bach (1685–1750), urframført fleire av dei finaste kantatane sine, og det vakre orgelet frå 1717, som òg strauk med under sprenginga, var konstruert etter Bachs planar.

Det heslege Karl Marx-universitetets nybygg var elles så elendig konstruert at det måtte rivast etter den tyske sameininga i 1990. Det blei vedteke å byggja ei ny universitetskyrkje på same staden, som blei vigsla før jul i fjor. No har ho òg fått nytt orgel. Det er på dette Daniel Beilschmidt, Leipzigs universitetsorganist, har spelt inn albumet sitt, der me får tysk, fransk og italiensk orgelmusikk frå 1300- og 1400-talet.

Klåre klangar

Korleis læt denne musikken? Frå seinmellomalderen og tidlegrenessansen er det overlevert lite notar. Men med utgangspunkt i noko av det vesle som finst, fantaserer Beilschmidt seg fram til stykka på plata. Me merkar at organisten har solid stilkjennskap til dette sjeldan framførte repertoaret. På orgelet, som er ein historisk kopi av det gamle instrumentet som stod i universitetskyrkja, får han fram uvanleg klåre og intense klangar.