Musikk
Svevar over bakken
Det er ei vakker vektløyse ved klangen til Det Norske Jentekor.

CD
Klangleg har jentekor noko svevande og tyngdekraftslaust over seg. For sidan dei ikkje har mannlege songarar med djupe bassrøyster, glid dei liksom over bakken i tette, lyse akkordar. På den nye plata til Det Norske Jentekor blir denne vektløysa forsterka ved at nokre av passasjane, særleg i opninga av stykka, blir sungne solo, altså berre med éin songar.
Mange av tonane har me høyrt før, for repertoaret er tradisjonelt, med folkemusikk, nasjonalromantikk og salmar. Spanande er det likevel, for måten tonane er arrangerte på, er rik på variasjon.
Tveittsk ouverture
Opningssporet er folketonen Velkomne med æra, som Geirr Tveitt (1908–1981) inkluderte i samlinga si med arrangerte folketonar frå Hardanger. Tonen blir repetert to gonger: Fyrst blir han framført solo, med den faste og ukunstla røysta til solisten Hilde Hegtun Andersson. Så kjem han med ei meir vanleg korharmonisering, der dei «tomme» akkordane og dei vide spranga i bassen gjev han hardingfelepreg. Den siste repetisjonen er den dristigaste – og vakraste. Han er forma som kanon, satstypen der fleire stemmer set inn éi etter éi på same melodi (slik som barnesongen «Fader Jakob» kan syngast). Spesielt for denne kanonen er at han er ekstremt «tett»: Dei ulike stemmene set inn svært kort tid etter kvarandre, noko som fører til gnissande, ekkoaktige dissonansar.
Landstads sorg
Stykket som grip meg mest, er Neslandskyrkja, ein folketone frå Seljord med tekst av salmediktaren og folkeminnesamlaren Magnus Brostrup Landstad (1802–1880). Her blir han framført i komponisten Knut Nystedts (1915–2014) arrangement. Om me kjenner til soga som ligg til grunn, er stykket òg det mest syrgjelege, som eit klingande minnesmerke over den likesæla andsynes kulturarven vår som rådde på midten av 1800-talet:
Den gamle Neslandskyrkja i Vinje, som var reist på ein gamal gravhaug, var den einaste stavkyrkja me kjenner den nøyaktige vigslingsdatoen til. I koret fanst nemleg ei innskrift som sa at Hamarbispen 3. august 1242 vigsla henne til «den heilage krossen og Heilag-Olav». Då ei ny og større kyrkje blei reist like ved stavkyrkja i 1847, tok salmediktaren Landstad, som sjølv hadde budd i Seljord og Vinje, til orde for at mellomalderkyrkja måtte få stå. Slik gjekk det ikkje. I vers reiste han eit minnesmerke over det gamle gudshuset, i eit dikt som uttrykkjer resignasjon, men òg glede over varme minne. Opningsstrofa, som med skir røyst blir sungen av Eir Vatn Strøm, er rørande vemodig: «Å det er vent i Neslandskyrkja/ nær klokkone gjeve dur,/ der gekk eg las fer gamlepresten/ og der hev eg stadid brur./ Gud hjölpe den som er gamal.»