Historie

Svenskedrottens fall

LÜTZEN: For 400 år sidan braut trettiårskrigen ut. Eit av dei blodigaste slaga stod ved Lützen utanfor Leipzig, der kong Gustav II Adolf av Sverige fekk banesår.

«Svenskesteinen» i Lützen markerer staden der Gustav Adolf fall. I bakgrunnen Gustav Adolf-kapellet.
«Svenskesteinen» i Lützen markerer staden der Gustav Adolf fall. I bakgrunnen Gustav Adolf-kapellet.

Trettiårs-krigen:

Fellesnamn på fleire krigar i Mellom-Europa i perioden 1618 til 1648

Blei utløyst av Defenestrasjonen i Praha i mai for 400 år sidan

Kosta ein tredjedel av tyskarane livet

Blei avslutta med Freden i Westfalen i 1648, den største fredskongressen i Europa til då

Det var ein av dei lengste og blodigaste religionskrigane Europa har sett, ein europeisk storkrig utkjempa på tysk jord, noko som kosta ein tredel av tyskarane livet. Denne frostkalde marsdagen er eg på veg til staden der eit av dei største og blodigaste slaga stod, ved småbyen Lützen sørvest for Leipzig. Her fall svenskekongen Gustav II Adolf i 1632 i kamp mot den keisarleg-katolske armeen. Armeen var leia av nemesisen hans, generalissimus Albrecht von Wallenstein, som var øvstkommanderande til keisaren i Wien.

Langs kongsvegen

Utan bil er det komplisert å koma seg til Lützen. Småbyen i den tyske delstaten Sachsen-Anhalt er ein av taparane i det postkommunistiske Aust-Tyskland. Etter at hjørnesteinsverksemda, sukkerfabrikken, blei lagd ned, flytte ein tredel av innbyggarane bort. Jernbanelina blei omgjord til ein sykkelveg ingen nyttar, og skulebussen er no det einaste kollektivtrafikksambandet med omverda. Frå Leipzig, byen som ligg ein dryg time med tog sørvest for Berlin, lyt eg difor ta lokaltog det fyrste stykket og så sykla ei mil langs landevegen.

Den frostige disen gjer at dei vide åkrane ser ut til å forsvinna i endeløyse. Dette er eit av dei tynnast folkesette områda i Tyskland, og eg ser meir rådyr enn menneske. Ikkje før eg bøyer inn Gustav-Adolf-Straße, er eg trygg på at eg er på rett veg. Denne snorbeine, asfalterte vegen inn mot Lützen er eldre enn ein skulle tru. Her har folk ferdast i over 1000 år, for vegen er del av Via Regia, kongsvegen frå mellomalderen som strekte seg frå Moskva i aust til Santiago de Compostela i vest. Det er difor ikkje tilfeldig at slaget i 1632 stod nettopp her; armeane på begge sider nytta den breie, godt funderte kongsvegen for å transportera kanonane og dei tunge vognene med forsyningar. Og då svenskane og dei keisarlege trefte på kvarandre, danna sjølve vegen frontlina mellom dei. Framleis finn dei massegraver langs vegen; for nokre år sidan fann dei ei som inneheldt 47 skjelett.

40.000 soldatar

Ikkje berre konfesjonen, men òg kalenderen skilde dei stridande partane. Wallensteins keisarlege armé opererte med den gregorianske kalenderen, den me nyttar i dag, så for dei var det 16. november. Svenskane skreiv derimot 6. november, for, som dei fleste protestantiske landa i nord, heldt dei framleis fast på det gamle julianske kalendersystemet frå Julius Caesars tid.

Stemninga natta før slaget må ha vore ladd av intens spaning. For dei to armeane, som begge talde i underkant av 20.000 mann, låg i leir berre nokre hundre meter frå kvarandre på kvar si side av kongsvegen. Kunne dei skimta blafringa frå leirbåla til fienden på hi sida? Morgonen etter var svenskane klare til åtak. Likevel drog det i langdrag, for morgondisen låg tjukk over marka. I tillegg hadde Wallenstein sett fyr på store delar av Lützen by for å gøyma den høgre flanken i røyk. Så – klokka elleve hadde skodda letta såpass at Gustav Adolf lét felttrompetistane blåsa signalet til åtak.

3000 blykuler

Lützen er den mest utforska slagmarka frå heile trettiårskrigen. Arkeologar har til no funne over 11.000 gjenstandar, mellom dei knappe 3000 blykuler, der kaliber og kulevekt avslører om dei blei avfyrte av svenskar eller keisarlege. Kulenedslaga har gjort det mogleg å rekonstruera kvar dei ulike delane av slaget gjekk føre seg, undersøkingar som syner at svenskane nytta ein annan og meir kaldblodig taktikk enn dei keisarlege:

Dei keisarlege musketerane – fotsoldatane med geværtypen muskett – venta til dei framrykkande svenskane var 70 meter unna før dei opna eld. Desse musketerane var organiserte i sju liner, der berre den lina som alltid stod fremst, avfyrte skot. Etterpå trekte ho seg raskt attende for å lada muskettane sine på nytt, medan neste line brende av salvane sine. Dei frammarsjerande svenske fotsoldatane, som var organiserte i seks liner, lét skota hagla over seg medan dei rykte fram. Sjølv løyste dei ikkje skot før dei var mellom ti og femten meter unna fienden. Då stogga dei og fyrte av muskettane sine frå kloss hald, samstundes og i tre rekkjer: Den fyrste rekkja sat på kne, den andre stod og lutte seg, den tredje stod oppreist. Slik slo nærare 1000 svenske muskettkuler i løpet av få sekund inn over dei keisarlege, noko som slo bresjar (opningar) i infanteriformasjonane deira. Desse bresjane kunne svenskane så trengja gjennom, for så å spreia formasjonane. Dette gav svensk kavaleri høve til å hogga ned dei spreidde keisarlege soldatane, éin etter éin, med sverda sine.

Den svenske taktikken fungerte; etter éin time såg dette ut som nok eit slag der Gustav Adolf skulle triumfera. Men slik skulle det ikkje gå.

Serie av krigar

Kva gjorde så ein svenskekonge med hæren sin så langt sør på kontinent, i hjartet av Det tysk-romerske riket? Trettiårskrigen er ein komplisert affære, lat oss her likevel freista å skissera hovudtrekka:

Krigen som braut ut for 400 år sidan, var i røynda ikkje éin stor krig, men ein serie krigar som var ulikt motiverte. For det fyrste var det ein konflikt mellom trusretningar, mellom protestantar og katolikkar. For det andre var det ein konflikt om forskyving av grenser og om arvefylgjerekkjer. For det tredje var det ein krig om maktstrukturen i Tyskland, om riket skulle ha ei sterk sentralmakt gjennom keisaren i Wien (imperial struktur), eller om lokalfyrstane skulle få meir sjølvstyre (føderal struktur). Og for det fjerde var det ein konflikt om maktbalansen i Europa, om rivaliseringa mellom stormaktene Frankrike og Austerrike.

Krigen blir gjerne delt opp i fire fasar: «den bøhmisk-pfalziske», «den danske», «den svenske» og «den svensk-franske».

Fyrste fase (1618–25)

Sjølv om det våren for 400 år sidan fanst nok av ulmande konfliktar kringom i Europa det var verdt å starta ein krig for, var det éin temmeleg tilfeldig gnist som fekk elden til å fatna:

23. mai 1618 lempar ein illsint gjeng bøhmiske adelsmenn to keisarlege statthaldarar og sekretæren deira ut or vindauga i borga i Praha, ein episode som har fått det vedunderlege namnet «Defenestrasjonen i Praha». Grunnen var at den protestantiske adelen frykta at den nye kongen av Böhmen, den strengt katolske habsburgaren og seinare keisaren Ferdinand II, ville gjera det (stort sett) protestantiske kongeriket Böhmen katolsk att. Dette ville svekkja makta til adelen.

Både statthaldarar og sekretær overlever defenestrasjonen, noko som frå katolsk hald skulle bli framstilt som eit vedunder der Jomfru Maria og englane hennar greip inn. I røynda landa dei på ein mjuk og god møkahaug under Praha-borga (noko som i og for seg ikkje utelukkar Jomfru Marias intervensjon). Men då bøhmarane tek makta i eigne hender og vel den protestantiske kurfyrsten Fredrik V av Pfalz til ny konge, er det keisarlege tolmodet oppbrukt. I slaget ved Bílá Hora (Kvitfjellet) utanfor Praha i 1620 knuser den katolske hæren den bøhmiske oppstanden og støyter den nyinnsette kong Fredrik frå trona. Sidan Fredrik, som må dra i eksil til Nederland, berre blei sitjande éin vinter, har han fått tilnamnet «Vinterkongen». Også kurfyrstetittelen av Pfalz i Sørvest-Tyskland blir teken frå han, og landet hans blir okkupert.

Andre fase (1625–29)

Frykta til den bøhmiske adelen skulle syna seg velgrunna. Når Keisar Ferdinand II på ny blir konge av Böhmen, set han i gang ein knallhard motreformasjon og lèt jesuittane ta kontroll over utdanningssystemet. Katolisismen blir no einaste tillatne trusretning. Dette set ein støkk i dei protestantiske fyrstane i Midt- og Nord-Tyskland – skal keisaren koma til å fara likeins åt mot dei?

Ein av dei ottesame protestantiske fyrstane er hertugen av Slesvig og Holstein, han me kjenner som kong Christian IV (Kristian «Kvart») av Danmark og Noreg. Om katolikkane skulle gjera framstøyt mot Nord-Tyskland, kunne han tapa dei rike og politisk viktige tyske territoria sine. I 1625 dreg den dansk-norske kongen difor i strid sørover med 20.000 mann – og lid knusande nederlag ved Lutter am Barenberge i vår tids tyske delstat Niedersachsen.

Tredje fase (1630–34)

Frå no av går det fort: Den alt nemnde Albrecht von Wallenstein, keisarens øvstkommanderande, rasar opp gjennom Slesvig og Holstein og hærtek jamvel Jylland, som blir plyndra. At keisaren no òg tek føre seg land utanfor Det tysk-romerske riket, provoserer Sverige. For skulle keisaren finna på å etablera ein Austersjø-flåte, er svensk herredøme i innlandshavet truga.

Det er her svenskekongen kjem inn i biletet: I 1630 går Gustav Adolf i land med ein flotilje på 13.000 mann på den tyske Austersjø-øya Usedom, der han tek fatt på ei fenomenal hærferd. Den moderne utrusta og taktisk finjusterte armeen hans slår så katolikkane i slag etter slag heilt ned til Sør-Tyskland. Nordtyskarane, som i årevis har lidd under åket til keisarhæren, er snare med å opphøgja han til ein protestantisk redningsmann, til ei «nordisk løve» i kampen mot katolikkane.

Lagnaden

Men det er altså her i Lützen, som eg syklar inn i frå nord, at den nordiske løva møtte lagnaden sin. Småbyen er som ei skogkledd øy i eit hav av åkrar, åkrane som var valplass i 1632:

Etter seks timars kamp låg det utpå ettermiddagen att nærare 10.000 falne eller såra soldatar. Ein av dei falne var Gustav Adolf, som var komen bort frå troppane sine i løpet av det kaotiske slaget. Etter middagstid hadde skodda nemleg på nytt sige utover slagmarka, som frå før var temmeleg tåkelagd av krutrøyken frå dei 60 svenske og 24 keisarlege kanonane. Siste gongen Gustav Adolf var blitt sett i live, var då han reid i spissen av kavalerieininga Smålands husarregemente under eit motåtak. Truleg hadde den nærsynte kongen mista orienteringa og hamna midt mellom dei keisarlege kavaleristane. Éi pistolkule hadde treft han i armen, ei anna i ryggen. Etter å ha falle av hesten sin, «Streiff», var han blitt stukken med sverd. Om han framleis var i live då han fekk ei kule i bakhovudet, veit me ikkje.

Svenskesteinen

Då ein fann liket etter slaget, var det plyndra for alt, bortsett frå skjorter og sokkar. Funnstaden er det fyrste eg ser når eg kjem inn til sjølve Lützen; han er markert med «Schwedenstein», «Svenskesteinen», ei flyttblokk av grå og lett rosa granitt som blei plassert her etter slaget.

I 1837 fekk steinen, som har innskrifta «GA 1632», ein nygotisk baldakin i kaldt, dystert støypejarn over seg. Baldakinen blei utforma av Karl Friedrich Schinkel, den prøyssiske stjernearkitekten som mellom anna designa Jarnkrossen og var med på å teikna Universitetet i Oslo. Rett bak svenskesteinen står det svenskteikna og svenskfinansierte Gustav Adolf-kapellet, som blei reist i lokal sandstein i 1906. Utanfrå har dette massive bygget noko grovt og bunkeraktig over seg, for det låge tyngdepunktet dreg det liksom ned i bakken. Men på innsida er det meir tiltalande: Det er høgt under taket, med mykje tre og vakre vindaugsglas. I det dimde lyset frå den låge vårsola ser eg fargerike glasmåleri med våpenskjold – dei heraldiske kjennemerka til 20 svenske og finske adelsfamiliar som kjempa side om side med kongen sin her i Lüzten.

Utstoppa hest

Kva var så resultatet av dette slaget? Nokon tydeleg siger blei det korkje for protestantane eller katolikkane, for begge leid store tap. Teknisk sett vann svenskane, for det var hæren deira som stod att på slagmarka då kampen var over. Men tapet av den symbolsterke kongen blei lagnadstung for både svenskane og deira protestantiske allierte. Reint militært hadde slaget altså lite å seia, men politisk blei det viktig. To år seinare slo keisaren svenskane og tvinga dei til forhandlingsbordet.

Liket av kongen blei frakta til Sverige og jordfesta i Riddarholmskyrkan i Stockholm. Til Sverige kom òg Streiff, den kastanjebrune hesten hans av rasen oldenburgar. Han overlevde slaget, men blei seinare flådd, og skinnet blei salta og sendt nordover. Den utstoppa Streiff er i dag utstilt i museet Livrustkammaren i Stockholm saman med mellom anna kongens elglærjakke med kulehol i sida.

Fjerde fase (1636–48)

Men svenskane skulle reisa seg att. I den siste og lengste fasen av krigen blei nemleg Frankrike med på svensk side i kampen mot dei keisarlege. Dette kan synast underleg, for både franskmennene og keisaren i Wien var jo katolikkar. Men på dette tidspunktet handla krigen om maktbalansen i Europa, ikkje om konfesjonelle motsetningar, for Frankrike kunne ikkje leva med Austerrike som dominerande europeisk stormakt. For alvor var krigen no blitt til ein internasjonal storkrig utkjempa på tysk jord.

Dei utanlandske maktene nytta fyrst og fremst leigesoldatar. Desse soldatane fekk lita eller inga løn; hovudløna var at dei fekk plyndra gardar og landsbyar dei kom over. Slik blei krigen sjølv arbeidsgjevaren deira. Soldatane hadde inga interesse av fred; for ein leigesoldat tydde «fred» nemleg «arbeidsløyse». Men etter tiår med hærferder var det mest ingenting att å plyndra. Krigens flamme gjekk på sparebluss, store delar av Tyskland var utarma og avfolka.

Stormaktstida

Korleis enda så trettiårskrigen? Ingen av partane oppnådde nokon avgjerande militær siger. Etter fleire år med forhandlingar i dei nordvesttyske byane Osnabrück og Münster enda det heile med «Freden i Westfalen» i 1648, ei «evig grunnlov for riket». I det gamle rådhuset i Münster, i renessansesalen som framleis kan vitjast, blei det vedteke at det aldri meir skulle utkjempast nokon storkrig mellom framande makter på tysk territorium. Traktaten svekte òg makta til keisaren – Tyskland blei slik ordna som ein laus føderasjon av einskildstatar og ikkje som eit sentralstyrt rike à la Frankrike, ei ordning som skulle halda seg i fleire hundreår. Ein av trettiårskrigens store vinnarar var Sverige, som stod att med fleire nye landområde i Nord-Tyskland, i Baltikum og i Noreg – det var i denne tida me måtte avstå Jämtland og Härjedalen.

Denne nye svenske stormaktstida i Europa byrja med «den nordiske løva» Gustav Adolf. Og ho skulle vara fram til 1718, då kong Karl XII fekk ei kule i skallen ved Fredriksten festning i Halden.

Hesten til kongen overlevde slaget, men blei seinare flådd, og skinnet blei salta og sendt nordover.