Musikk
Strebarmusikk
Det Norske Kammerorkester spelar scenemusikk til Molières adelsgalne borgar.

Samanstillinga Det Norske Kammerorkester her gjev oss, er artig: Dei to mest kjende scenemusikkstykka til komedien Le bourgeois gentilhomme av Molière (1622–1673), Frankrikes største komediediktar. Sjølv om 250 år skil dei to komposisjonane frå kvarandre, har dei saker sams, både i karakter og klang – begge er rikt instrumenterte og framstiller rollefigurane med raffinerte parodiske verkemiddel.
Borgaren som adelsmann, som denne komedien i fem aktar gjerne blir kalla på norsk, er ein comédie-ballet, ein kombinasjon av sungen og talt komedie med danseinnslag, som var populær i Frankrike i høgbarokken. Hovudpersonen, Monsieur Jourdain, er ein borgarleg tekstilhandlar som drøymer om å bli del av adelskapet. For å læra å te seg som adelsmann må det meir til enn å tinga praktklede frå byens beste skreddar. Han engasjerer lærarar i musikk, dans, fekting og filosofi – disiplinar ein elegant gentilhomme den gongen laut meistra. Men daning lèt seg ikkje tileignast på éin dag, og stadig avslører Jourdain det sanne, grunne vesenet sitt. Som når filosofilæraren freistar å læra han skilnaden på poesi og prosa i diktarkunsten, og han storleg frydar seg når han oppdagar at han faktisk har tala i prosa heile livet.
Jean-Baptiste Lullys (1632–1687) scenemusikk er den originale, den som blei spelt ved urframføringa i 1670. Sjølv om Det Norske Kammerorkester ikkje spelar på originalinstrument, altså det historiske instrumentariumet som det er vanleg å framføra Lully på i våre dagar, er dei imponerande gode til å imitera den historisk korrekte klangen. Einast dei skarpe oboane og den litt hult klingane tverrfløyteklangen avslører at instrumenta er moderne. Men i scenemusikken til seinromantikaren Richard Strauss (1864–1949) frå 1911, der komponisten stundom låner melodiar frå Lullys urversjon, er det musikalske resultatet deira uklanderleg.