Musikk
Stilsjongløren
Med Candide greidde Leonard Bernstein meisterstykket å laga underhaldande operette av ein filosofisk roman frå 1700-talet.

OPERETTE
Amerikansk jazz og Broadway-musikal, fransk grand opera og operette, mozartsk bravour-arie, renessansepolyfoni og symfonisk seinromantikk à la Gustav Mahler: I operetten Candide greier komponisten Leonard Bernstein (1918–1990) meisterstykket å samanfatta alle desse stil- og formtrekka i kompakt form. Ja, han sjonglerer så naturleg og lytefritt mellom dei ulike uttrykka at han med rette er blitt kalla det 20. hundreårets Mozart.
Bergen Nasjonale Operas oppsetjing i Grieghallen førre veke fekk fram det beste i operetten, både musikalsk og dramatisk. Sidan framføringa var «konsertant», altså utan det store sceneshowet til ei fullskala operaframføring, blei uttrykket fortetta. Dei mange fantastisk-dramatiske episodane i handlinga blei berre antyda på scena. Men med hjelp av det gode skodespelet til solistane og Bernsteins klangmålande musikk var effekten betre enn hjå dei fleste fullblods operaoppsetjingane eg har opplevd. For det me ikkje fekk sjå, var lett å sjå føre seg.
Kaldkrigsoperette
Omgrepet «pastisj», ei kunstnarleg skrinn etterlikning av eldre tiders kunstverk, har vore nytta om Bernsteins verk. Den overordna, romantisk prega tanken til kritikarane er då denne: Geniet til kunstnaren bør ligga i evna hans til å tala med si originale, unike røyst. Andsynes denne typen kritikarar står Bernstein lagleg til for hogg, for han tala med mange røyster. Men ser me saka frå ein annan vinkel, blir veikskapen til styrke: Bernsteins geni låg i evna til å nytta den røysta som høvde best for det han til ei kvar tid ville uttrykkja, ei evne som gjorde han til ein suveren satirikar.
I rolla som sistnemnde var han den klassiske musikkens største på 1900-talet. Det syner måten han greidde å omskapa Voltaires filosofisk-satiriske roman Candide ou l’Optimisme frå 1759 til ei slags kaldkrigsoperette, som hadde urpremiere i New York i 1956. (Bernstein leid sjølv under kommunistfrykta som herja USA i samtida.)
Forteljinga fylgjer hovudpersonane, idealisten Candide (sunge av tenoren Anthony Gregory) og kjærasten Cunégonde (sopranen Vuvu Mpofu) på ei absurd reise gjennom Europa og Sør-Amerika. Det heile er ein parodi på den optimistiske oppfatninga om at me lever i «den beste av alle moglege verder», slik ho blei forfekta av den tyske filosofien Leibniz.
Syfilis-arie
På ein kosteleg måte driv Voltaire gjøn med folk som er meir opptekne av å få stadfesta teoriane sine enn å akseptera verda slik ho er. Dette er noko Bernstein veit å utnytta musikalsk, til dømes i arien til huslæraren dr. Pangloss (bassbarytonen Gidon Saks), som (bokstaveleg talt) er i ferd med å smuldra opp av syfilis. Likevel held han fast på den optimistiske livsfilosofien sin, og syng med stor patos at «syfilis er kjærleikens gåve til menneskeslekta».
Candide inneheld fleire satsar som er så gode at dei har fått eit liv også utanfor operetten og blir framførte som einskildsatsar på konsertar, til dømes ouverturen, som inneheld fleire musikalske frampeik i form av melodisnuttar frå ariane som kjem seinare i stykket. Musikarane i Bergen Filharmoniske Orkester – særleg strykarane – synte seg som atletar i denne kraftfulle instrumentalinnleiinga, som er ein av Bernsteins beste satsar. Ein av ariane som blir siterte i ouverturen, er Cunégondes «Glitter and Be Gay», som er det næraste me kjem ein ordentleg operaarie i operetten. Han er full av snøgge tonerekkjer og har elegante triller i alle register, noko som krev solid songteknikk. Det hadde den sørafrikanske sopranen Vuvu Mpofu, som gav oss det solistiske høgdepunktet denne kvelden.