Musikk
Sørslavisk symfonikar
Fiolinkonserten til Boris Papandopulo er suverent instrumentert og storfelt som ein symfoni.

I norsk musikkliv er Boris Papandopulo lite kjend, sjølv om han var ein av dei viktigaste og mest produktive sørslaviske komponistane på 1900-talet. Faren var ein greskætta russisk aristokrat frå byen Stavropol nord for Kaukasus, og mora var den vidgjetne kroatiske operasongaren Maja Strozzi, ho som Thomas Mann i romanen Doktor Faustus skreiv hadde «den kan hende vakraste sopranrøysta i båe hemisfærar». Venskapen hennar med den russiske komponisten Igor Stravinskij blei avgjerande. Stravinskij gav Boris Papandopulo eit tilrådingsbrev som sikra han studieplass i direksjon i Wien i slutten av 1920-åra.
Dømd til lastebilkøyring
Tilbake i heimbyen Zagreb byrja han i 1930-åra ein imponerande karriere som komponist, folkemusikkarrangør, dirigent for dei viktigaste kroatiske kora og orkestra, konsertpianist og musikkritikar. Under andre verdskrigen heldt han fram som dirigent for Zagreb-operaen og kringkastingsorkesteret i Zagreb, noko som gjorde at dei kommunistiske styresmaktene i det nyetablerte Jugoslavia etter krigen tiltala han for «kollaborering med den tyske okkupasjonsmakta». Men drakonisk kan ikkje straffa kallast: Han blei dømd til å vera lastebilsjåfør ei stund.
Det at Papandopulo var av jødisk ætt, som det står på Wikipedia og på andre relevante internettsider, får eg ikkje til å stemma; hadde han vore det, ville vel ikkje dei tyske okkupantane late han dirigera under krigen? Dessutan blei det førebudd framføringar av verka hans i Berlin og München mot slutten av krigen (framføringane fall i fisk på grunn av bombing), noko som ville vore utenkjeleg for ein slavar med det minste spor av jøde i seg.
Tradisjonell i forma
Stykket som skulle framførast i Tyskland, har orkesteret til det kroatiske nasjonalteatret i Rijeka no spela inn på plate: Konsert for fiolin og orkester, op. 125, som blei til i 1943. Det forundrar meg ikkje at dei modernismekritiske nazistane fann nyting i verket. For både i form og innhald merkar me påverknaden frå den typen store, romantiske fiolinkonsertar som var vanlege på 1800-talet. Særleg tydeleg er dette i den bognande, 25 minuttar lange opningssatsen, som er i tradisjonell sonatesatsform: To kontrasterande tema blir introduserte i fyrste delen, og i andre delen blir desse kombinerte, utvikla og sluttførte. Prologen til fyrste satsen startar med ein strengt pulserande orkesterbass. Or denne stig treblåsliner som med tiltakande intensitet vev seg inn i kvarandre, noko som gjev assosiasjonar til opninga av Bachs Johannespasjon. Fiolinens fyrste tema er ein alvorsam, heroisk melodi, ei stemning som blir vidareført av orkesterets marsjaktige mellomspel. Sidetemaet til fiolinen er derimot lyrisk, krydra med idylliske fløytetriller, med ein dåm som minner om Mendelssohns scenemusikk til Ein midtsommarnattsdraum.
Potent finne
Utifrå denne skildringa kan det verka som om Papandopulos fiolinkonsert er romantiserande på randa av det sukkersøte. Men det er han ikkje; søtt og bittert er godt balansert, og alt i alt er den suverene instrumenteringa og den tematiske fantasirikdomen imponerande.
Overleveringa av Papandopulos komposisjonar er kaotisk, for mykje av notane er framleis i privat eige kringom og vanskeleg tilgjengelege. Me får håpa dette endrar seg i tida som kjem, og at me får nye innspelingar av verka hans. Gjerne med dette gode kroatiske symfoniorkesteret, som den unge og potente finnen Ville Matvejeff leier frå dirigentpodiet.